2. april 2009

Påskelektyren på plass?

Det nærmar seg påske, folkens! Iallfall for dei av oss som tek fri mellomdagane, som det heiter, og fer på ferie allereie til helga. Og kva er det ein treng på påskeferie? Jau, det er sjølvsagt lesestoff!

Eg var ein tur i bokhandelen i går og fekk meg noko nytt å bite i. Men eg må seie at uansett kor godt utval det på mange måtar er på Norli i Universitetsgata, så har dei etter mi meining dårleg utval i lyrikk og i barne- og ungdomslitteratur. Eg såg etter Inger Christensens Alfabet, på dansk, den hadde dei ikkje. Dei hadde ei bok med samla dikt, riktignok, men eg liker best å ha diktsamlingane ei og ei, tynne og fine og helst i førsteopplag. Ok, eg høyrer eg har for høge krav.

Eg såg også etter Ragnar Hovlands bejubla ungdomsroman Fredlaus, som mange seier er hans aller beste bok. Den hadde dei heller ikkje. Men når det er sagt har dei veldig godt utval i mjukinnbunden skjønnlitteratur for vaksne og krim.
Så i staden blei det månadens lesesirkelbok, Rikka Gan av Ragnhild Jølsen, Genanse og verdighet av den gode Dag Solstad, og ei bok i gåve til ein som snart har bursdag. Meir kan eg vel ikkje seie om den saka.

Og kva tek eg så med heim? Eg er litt i tvil. Eg vil ha med så mykje. Eg vil lese Jølsen, Solstad OG ein klassisk krim av Dorothy L. Sayers. I tillegg er eg litt over halvvegs i ein på dette tidspunktet ganske spennande krim av Patricia Wentworth frå det britiske femtitalet. Så kva skal eg gjere? Ta med tre bøker? Ta med fire bøker? Hente fram ljåen og ta med to?

Kva med deg? Kva har du tenkt å lese?

10 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg reiser på søndag, men blir bare borte i tre dager, så det er vel tvilsomt om jeg får lest så masse som jeg kommer til å ta med meg. Familiebilder av Sue Miller skal definitivt med. Og Den siste pasienten av P.D. James.

Monica sa...

Jeg skal lese "En ettermiddag om høsten" av Mirjam Kristensen, og så har jeg endelig fått tak i "Broren min løper" av Merethe Morken Andersen. Begge på biblioteket. I tillegg blir det visst litt kritisk lesning av min egen tekst ;)

Glad påsk og god reise til deg!

Anonym sa...

Jeg skal lese "Is-slottet" av Vesaas. Har lest de første 20 sidene og er helt forelsket i den allerede. Også har jeg "The end of mr. Y" av Scarlett Thomas til avhenting på biblioteket nå, så da blir det nok den og.

Aina Basso sa...

Is-slottet er jo nydeleg, Rullerusk! Det var eit godt val.

Dei andre bøkene kjenner eg ikkje til! De får kome tilbake med rapportar!

God påske, allihopa!

Ståle sa...

Du har vel reist allerede, men jeg håper du tok med alle :-)
Jeg blir hjemme i påska. Skal sitte mye i godkroken og lese krim. Stieg Larsson, Donna Leon og Paasilinna. Iaffal er det en begynnelse :-)
God påske til stipendiaten!

Aina Basso sa...

Det blei alle unntatt Solstad! Han får vente til etter påske. God påske, og god lesing!

L sa...

Du får løpe innom meg i ARK Storgata neste gang du handler, vi har i alle fall Fredlaus, om ikke annet :) God påske.

Aina Basso sa...

Ja, kanskje det!
God påske til deg også :)

Anonym sa...

Og om du kjem på forfattarmøtet på Samlaget kommande fredag, skal eg sørgje for at eit gratis eks.av Fredlaus kjem deg i hende.

Dr.H

Aina Basso sa...

Det gjer eg, og det hadde vore veldig flott! Då blir eg ein glad laksekotelett.

Eg kjøpte forresten ei bok på loppis på Sagene skole i går: Vegen smal og porten trang. Det putlar seg framover i hyllene.