2. april 2009

Fjørtung

Det første venninna mi sa då ho fekk vite at eg har fått arbeidsstipend, var:
Du er fri! Reis til Roma!

Det første kompisen min sa, var:
Du er vegd, og funne tung. Det er ikkje så ofte slikt høyrest positivt ut.

Ja. Slik er det. Eg er tung nok, eg er lett som ei fjør, eg er fri!

Eg har snakka med jobben. Eg skal jobbe fullt ei stund til, så skal eg ta heilt fri for å skrive. Skrive, gjere research, skrive, lese, skrive! Det er eit eventyr!
Korleis vil det bli? Korleis er det å skrive på heiltid? Einaste erfaringa eg har er frå arbeidet med masteroppgåva. Då elska eg det.

Eg liker å styre tida mi sjølv, eg treng ikkje å snakke med nokon heile tida, men det er klart: jobbar ein åleine heile dagen er det sabla fint å ta ein kaffi med nokon på kvelden!

Og så må eg jo prøve å finne meg ein skriveplass. Kanskje dei har noko ledig på Litteraturhuset?
Eg trur det er viktig å displinere seg. Ha det som jobb, ikkje tru at ein skal gå rundt heile dagen og sulle og vente på inspirasjonen. Slik sett vil det nok hjelpe meg at eg skal gjere ein del research, også. Då får ein eit naturleg vekselbruk.

Eg gler meg! Eg er overvelda! Korleis er det muleg å vere så privilegert? Eg forstår det godt om de hatar meg heretter. Eg fortener det.

14 kommentarer:

Irela sa...

Gratulerer til deg!

Høres ut som du kan innstille deg på ei veldig fin tid fremover. Og det må da jammen meg være lov å være glad når du har mottatt et arbeidsstipend.

Hilsen Irene

Silje sa...

Du er en inspirasjon! Nå har jeg vært inne på kunstnerstipend-sidene, og ser at dette er mitt siste år som potensiell "yngre kunstner". Jeg tror jaggu jeg skal hive meg rundt og sende inn en søknad til høsten :-)

Lille søster sa...

Så fint at du har fått orden på det allerede! Det høres ut som en drøm! Og sikkert lurt å finne seg en skriveplass.
Jeg er nok bittebittebittelittegrann misunnelig. Arbeidsstipend er jo det store. Søkte ikke denne gangen, skal søke når (hvis?)jeg får gitt ut en bok igjen.

kristine sa...

Det er jo flere en kommisjonen som mener du fortjener stipend, så du får bare akseptere at du fortjener privilegiet.

Så isteden for å legge til hat, får vi heller legge til pressom at vi vil ha mer å lese fra din pen så du kan vise at det var fortjent.

Aina sa...

Irela:
Tusen takk!
Eg føler meg meir og meir euforisk dess lenger det heile søkk inn! Tenk at dette har skjedd med MEG!?!

Silje:
Du kan jo få stipend Og eg trur du ville fått noko om du søkte! Iallfall diversestipend!

Lille søster:
Gi ut ei bok til (det er ikkje viss, det er NÅR), så søker du igjen! Hilde Myklebust fekk jo arbeidsstipend for to år denne gongen!

Kristine:
Så fin måte å sjå det på. Det er du så flink til! :) Du skal nok få lese meir frå min penn. Anten du vil eller ei!

Jorid sa...

Gratulerer masse! Jeg syns du fortjener det - og jeg vet jo at du kommer til å "betale tilbake" med en god bok :-)

Aina sa...

Takk for det!
Planen er defintivt å "betale tilbake" med ei bok eller to! Hurra!

leselistami sa...

Gratulerer. Gleder meg på dine vegne!

Aina sa...

Tusen takk!

Avil sa...

Korleis er det å skrive på heiltid?


For det første går tida rasande fort.

Disiplin er bra. Rutinar er bra. Komme seg ut og gå litt når det buttar er bra.

For det andre er det best i verda. For meg i alle fall. Familie og venner er ikkje enige. Dei syns eg blei for sjølvforsynt, for introvert og uinteressert i anna enn skrivinga.

Aina sa...

Eg gler meg til å finne det ut. Så håper eg at eg får behov for å vere sosial på kveldstid, og ikkje forsvinn heilt inn i mi eiga boble. Samtidig gler eg meg til bobla.

Elin sa...

Hater deg? Absolutt ikke! Dette har du fortjent, Aina! Gratulerer! :-)

Ståle sa...

Nei, du fortjener ikke å bli hatet. JEg gleder meg til neste bok allerede, jeg :-)
Kjempemoro!!!

Aina sa...

Takk!
I dag var eg nede på kaia her ute, og då trefte eg tre eldre fiskarar som også syntest det var gøy med stipendet og spurte når den neste boka kjem. Så det var jo veldig kjekt! Dei var så stolte, sa dei :) Det er ei lita øy.