22. april 2009

Noveller og andre obskure tekstar

Stikk i strid med kva ein kanskje trur når ein er ung og lovande, blir det sagt at novellesjangeren er ein av dei vanskelegaste å verkeleg meistre. Eg innrømmer glatt at eg ikkje er nokon kløppar på sjangeren, til trass for at eg skreiv noveller i bøtter og spann som tenåring. Eg har heller ikkje lese så frykteleg mange novellesamlingar, men av dei eg har lese er den store favoritten Kjell Askildsen, som etter mi meining er i ei klasse for seg. Det er vel kanskje ikkje berre mi meining, heller, det då.

Andre novellistar eg har lese er Johan Harstad, Richard Ford (kan ein kalle dei novellistar når dei har skrive både noveller og romanar?) og sjølvsagt Frode Grytten. Og det var Grytten eg var og høyrte på i går på Litteratur på Blå. Han blei intervjua av Kirsten Kalleberg, som gjorde ein veldig fin jobb trass i at ho steppa inn på kort varsel på grunn av sjukdom.

Seansen var delt i to. I den første delen var det fokus på den nylege utgivinga av Gryttens samla noveller. Det blei ikkje nemnt i dette forumet at Bikubesong er med i dei samla novellene, sjølv om boka i si tid blei utgitt som roman. Det er jo berre merkelappar, uansett, og "roman" sel jo som kjent betre enn "novellesamling". Grytten har for øvrig sjølv uttalt, i ettertid, at Bikubesong eigentleg er ei novellesamling. Og no er ho jo det.

Ein del av samtalen gjekk på korleis Frode Grytten gjer det når han skriv noveller. Han fortalte at han har behov for eit slags rammeverk, eit sett med reglar å gå ut ifrå. Eg forstår godt kva han meiner. Det er noko frigjerande med å vere kreativ innanfor strenge rammer, å forsøke å sprenge seg ut av dei, medan ein samtidig må halde seg innanfor. Til dømes har han i Popsongar, som er den einaste samlinga hans eg har lese til no, brukt døgeret som ramme. Kvar novelle er ein time i døgeret, og kvar time ein stad i verda og ein popsong. Flott idé. Men ikkje like lett å gjennomføre. Då han hadde skrive 22 av novellene fekk han skrivesperre, fortalte han. Så måtte han presse ut to til.

I Rom ved havet, rom i byen, som er den så langt siste novellesamlinga hans, har han teke utgangspunkt i ti bilete av den amerikanske malaren Edward Hopper. Her lurte han seg sjølv, som han sa, ved å skrive på alle dei ti novellene parallelt, og på denne måten vreid han seg unna den uunngåelege skrivesperra på dei siste par tekstane.

Det er altså partal som står i fokus når Grytten skal tenke på eit tal. Også Bikubesong inneheld, så vidt eg skjønte, 24 noveller. Her har han også ein annan regel: Kvar hovudperson skal ha vore med i førre tekst. For hovudpersonen i den første novella blei dette naturleg nok vanskeleg, så han måtte vere med i den aller siste. Reglar, altså. Sikkert både ein hemsko og ei forløysing.

I den andre delen snakka dei om den nylanserte boka Det norske huset, som Grytten har laga saman med fotografen Jens Hauge, som dei siste tjue åra har gjort det til eit livsprosjekt å fotografere trehytter bygd av barn og unge. I denne boka har Grytten bileta av trehyttene som ramme for skrivinga, men har brote ut av ramma og late bileta tale for seg. I staden inneheld boka ei blanding av novelletekstar, forteljingar, dikt og andre meir obskure tekstar, som det humoristiske eigenmeldingsskjemaet, ein ny variant av truskapsløftet til den norske stat, alt med eit kritisk blikk på den norske bustadbobla (som sprakk medan Grytten skreiv) og bustadpolitikken.

9 kommentarer:

spilliv sa...

Dette var kjekk lesning! Finfin rapport om Grytten og hans skrivekunst! Veldig nyttig for en skrivefant som meg. Takk!

Bai sa...

Eg er enig med deg i at Askildsen er i ein klasse for seg sjølv, men Grytten er jammen ikkje langt unna, han heller.

Eg gleder meg til å få fingrane i eit eksemplar av "Det norske huset", og endå meir etter å ha lese dette.

rullerusk sa...

Jeg er også veldig glad i novellene til Grytten. Det var også Bikubesong som gjorde at jeg fullstendig kvittet meg med sperren jeg hadde for å lese nynorsk.
Jeg valgte Mono framfor Blå i går, selv om jeg gjerne skulle sett min gamle helt. Så da var det fint å få en liten rapport her. :)

Synes også det er interessant med dette å skrive innenfor satte rammer. ofte tror jeg at det virker mer stimulerende enn hemmende for kreativiteten fordi du er nødt til å presse deg selv mer når du skriver...

Aina sa...

Eg liker dette med å skape eit rammeverk og eit sett med reglar. Når ein skriv historisk blir det jo automatisk slik, til ein viss grad. Også andre måtar å gjere det på, som t.d. Marit Kaldhol gjorde i novellesamlinga Kino (for ungdom, veldig fin bok) der alle novellene byrjar med setninga "Handa held den store saksa."

Lille søster sa...

Det var interessant, dette. Festet meg særlig ved at han skrev alle novellene samtidig for å unngå skrivesperra.

runeh sa...

Kjell Askildsen har jo óg skrive romanar, så eg trur vel ein må kunne bruke ordet novellist sjølv om forfattaren ikkje bare skriv noveller. Kanskje er ein novellist ein forfattar som kjenner seg heime i novella, slik som Grytten sa, at ein kanskje må gjøre noen utflukter i blant, men at novella er det ein alltid kjem tilbake til?

Aina sa...

Ja, kanskje det. Det var ein fin definisjon. Ein blir definert utifrå hjartet sitt.

Eller så kan ein seie novellist om ein som har skrive noveller når ein snakkar om vedkommande sin novelleproduksjon? (Men kva er namnet på forfattar av roman? Romanist?)

Mettemor sa...

Haruki Murakami har skrive ei novelle om ein novellist i novellesamlinga Etter skjelvet. Slik apropos. :-)

Aina sa...

Åja! Han har eg enno til gode å lese (men har to bøker i hylla). Fint malapropos.