21. april 2009

I am a Storefront Window

Det høyrest ut som ein draum, gjer det ikkje?
Å reise til USA, gå på eit bra college med store tre og fine plenar, det er seinsommar, det er tidleg haust, det einaste du skal gjere i tre år er å utdanne deg til å bli komponist.

Og så, etterpå, å komponere klassiske verk, å kunne det, å klare det! Men ikkje berre det, nei, å lage din eigen sjanger innanfor den klassiske musikken, som ein fusjon av klassisk musikk, elektronisk musikk, popmusikk. Og kalle det noko heilt eige, og kalle det klatronisk musikk. Og heite Brede Rørstad. Og komponere ein klatronisk overtyre for symfoniorkester og trommesett. Eit bestillingsverk, ikkje mindre, for Ålesund symfoniorkester.

Min venn! Min flinke venn.
Her er verket. Det er dagens vesle godbit. I am a Storefront Window.


I am a Storefront Window from Heartfelt on Vimeo.

Ingen kommentarer: