20. april 2009

Gaudy Night

Årets andre påskekrim blei påbyrja i påska, men av ulike omstende ikkje utlesen før ei veke etter.

Gaudy Night av Dorothy L. Sayers kom ut i 1935, og har ikkje den sedvanlege detektivhelten Lord Peter Wimsey i hovudrolla denne gongen. Her er det hans utkåra Harriet Vane som speler førstefiolin når hennar gamle kvinnecollege i Oxford blir heimsøkt av ein Poison Pen, ein anonym brevskrivar som spyr edder og galle utover universitetets kvinnelege tilsette og studentar, og etter kvart tek det eit hakk vidare med å byrje gjere hærverk på collegets eigedom.

Tittelen på boka viser til den tradisjonsrike årlege festen Gaudy Night som samlar alumni tilbake på gamle trakter, men ordet gaudy har også fleire tydingar, som ordlista her vil vise:

gaudy1 [gaw-dee]
–adjective, gaudier, gaudiest.

1. brilliantly or excessively showy: gaudy plumage.
2. cheaply showy in a tasteless way; flashy.
3. ostentatiously ornamented; garish.

Til trass for det tilsynelatande uskuldige plottet er boka forbausande spennande. Over det heile heng ein trykkande atmosfære av kva vil vere det neste? Når kjem mordet og kven blir det? Og i tillegg er dette ei både fin og nokså spennande kjærleikshistorie mellom Lord Peter og Harriet. Vil ho endeleg, etter fem år, takke ja til frieriet hans? Det høyrest kanskje ikkje så spennande ut, men når det er skrive av Dorothy L. Sayers og sett til dette miljøet blir det faktisk det.

I tillegg gir boka eit unikt innblikk i akademia og ikkje minst synet på kvinnelege akademikarar på 1930-talet. Dette er tida for store motsetnader mellom karrierekvinner og familiekvinner. Det er også tida for strøymingar i Europa som seier at kvinner bør halde seg til sin lest, til barneoppseding og husvask, som til dømes i nazi-slagordet Kinder, Kirche, Küche.

Om eg har noko å utsetje på boka, er det at ho er litt lang, rundt 450 sider så vidt eg hugsar, og har litt for mange like namn. Alle dei tilsette ved colleget heiter miss ditt og miss datt og det går veldig fort i surr med kven som gjer kva og har kva slags karaktertrekk.

Likevel: ei god bok eg ikkje ville legge frå meg, og eigentleg heller ikkje ville skulle bli ferdig, sjølv om eg var nyfiken på slutten.

6 kommentarer:

Lille søster sa...

Får snart komme i gang med Sayers jeg også!

Aina Basso sa...

Ja, det må du gjere!
Gaudy Night er ganske langt uti bokserien, så sjølv om ho er god er det kanskje greitt å lese ein del andre først. Strong Poison er den første Harriet Vane dukkar opp i, meiner eg. Elles er The Nine Tailors den einaste som er nyutgitt på norsk i dei seinare åra, med tittelene Dødsklokkene. Men du skaffa deg vel ein heil stabel frå Skrift, du?

Ingrid Svennevig Hagen sa...

Det er rart hvordan noen forfattere plutselig dukker opp overalt. Dorothy Sayers fikk jeg anbefalt av en lærerkollega før påske. Og nå fikk jeg enda mer lyst til å finne fram til bøkene hennes. Jeg kjøpte inn Dødsklokkene til biblioteket, kanskje jeg skulle begynne på den?!

Aina Basso sa...

Du, det synest eg du skal gjere! Dødsklokkene er veldig bra, synest iallfall eg. Eg las henne på ei solseng i hagen på Giske i fjor sommar, og det var heilt perfekt. Men eg er sikker på at ho eignar seg like godt i hyttesofaen/ godstolen/ trikkesetet/ flyplasskafeen/ sengekanten, mv.

Lille søster sa...

Ja, fikk to av Ståle, og fant to andre på brukthandel til 5 kroner stykk.

Aina Basso sa...

Supert!
Viss du liker Sayers og Wentworth, og har lyst på meir, er neste steg Ngaio Marsh. Ofte representert på loppis for ein femmar.

Men eg kan ikkje gløyme Margery Allingham! Ho er hakket betre, eigentleg.