15. april 2009

Dette skjer

eg tenker konstant på å skrive, men skriv ikkje
eg skal møte redaktøren min på fredag og snakke om det aller første førsteutkastet til romanen eg ikkje får til å skrive på

om ei veke skal eg besøke ein gjeng tiandeklassingar, omlag 100 av dei fordelt på tre grupper
eg freistar førebu meg

eg tenker mykje på framtida, på skrivetida
når eg tenker på framtida ser eg føre meg lyse salar
moderne bibliotek med store vindauge
eg ser også føre meg trening på dagtid (eg anser trening på dagtid som noko bortimot den ultimate luksus, dette utan at eg er noko i nærleiken av å vere i nærleiken av å vere treningsnarkoman)
og så ser eg føre meg å reise
til Roma
og andre stadar
reise sakte
med tog

eg les også litt
eg les ferdig den gode påskekrimen frå universitetsmiljøet i Oxford, Gaudy Night
eg har så vidt byrja på lesesirkelboka, Rikka Gan
eg har nokre andre bøker liggande på nattbordet

eg har byrja sykle til jobb igjen
eg skal snart i symjehallen

9 kommentarer:

Lille søster sa...

Høres fint ut å ha dette foran seg!
Når begynner du å skrive på heltid?

Aina sa...

Ja, det er verkeleg det!
Eg liker å gle meg. Av og til er det beste å gle seg.

Eg byrjar 1. september! Om 4,5 månad! Litt sprøtt. Eg trur nok eg skal bli student igjen, det er det einaste eg har erfaring med. Derav universitetsbiblioteket for mitt indre auge. Men eg skal jo ikkje vere student eller forskar, eg skal vere forfattar! Det har eg jo aldri prøvd før. Skal tru korleis det går med kreativiteten?!

heklehatt sa...

det går sikkert kjempefint! så spennende! jeg kjenner så godt igjen å tenke på å skrive men ikke gjøre det. tenke, drømme. Du skal se at det er en del av prosessen. nå er det tid for tankeflyt. I september kan du skrive. Og før det, drikke kaffe med meg:-)

Bai sa...

Det høyrest spennande ut, nesten som ein draum. Du kan liksom bli profesjonell bohem... Viss eg var deg, ville eg forsøkt å reise til Paris på 1920-talet for å skrive.

Aina sa...

heklehatt:
av og til hjelper det visst å skrive om å ikkje få til å skrive - for i går skreiv eg igjen!

kaffi - ja takk! vi meldast!

bai:
det er nesten som ein draum. eg trur eg skal reise til paris på 20-talet. eller kanskje endå lenger tilbake i tid :)

Lille søster sa...

Hm, høres ut som et fint stipend du har fått: inkludert tidsreise.

Aina sa...

Ja, særleg det med tidsreisa overraska meg. Kven skulle tru...? Men med dagens teknologi...

knirk sa...

Skrive kan du hvertfall! Det viser dette blogginnlegget. Og jeg har funnet ut, etter å besøke nesten 100 skoleklasser hvert år, at 10. trinn pleier å være en drøm - hvis man møter de med oppriktighet og ønske om dialog.

Aina sa...

Takk for det.
Eg har også god tru på 10. klasse. Det blir interessant!