18. april 2009

Moralske spørsmål

Eg har tilbrakt kvelden med den siste filmen til Woody Allen, Vicky Cristina Barcelona.

Kort fortalt handlar filmen om dei to unge, amerikanske venninnene Vicky og Cristina, som reiser til Barcelona for å tilbringe sommaren. Vicky held på med hovudoppgåve om katalansk kultur og planlegg å bruke sommaren til å jobbe med denne, før ho skal reise tilbake til USA for å gifte seg med den trygge, fornuftige forloveden sin til hausten. Cristina held ikkje på med noko spesielt. Ho har nettopp skrive, regissert og spelt i ein kortfilm, men er ikkje særleg nøgd med innsatsen. Ho leitar etter ein spennande og uvanleg kjærleik, men veit ikkje kva ho ser etter. Det einaste ho veit er kva ho ikkje vil ha.

I Barcelona treffer venninnene raskt den frilynte kunstnaren Juan Antonio, som gjerne vil ha eit kjærleiksforhold til dei begge. Han har i tillegg eit uavklart forhold til ekskona Maria Elena, og sommaren i Barcelona byr på utfordringar for begge dei unge kvinnene i synet på kjærleiken.

Eg synest det var ein god og interessant film, på sett og vis. Det er trass alt Woody Allen, og sjølv om det kanskje ikkje er Allen på sitt aller beste, er det likevel i ei klasse for seg. Eg kjeda meg ikkje ein augneblink, og mora meg særleg over korleis dei unge, kvinnelege skodespelarane uttalte replikkar på påfallande Woody Allen-vis. Men då filmen var over sat eg igjen med det same spørsmålet som elevar lærer seg å stille til bøkene dei les: kva var bodskapet? Og kva var eigentleg moralen? At berre uoppfylt kjærleik kan vere romantisk? Eller at uansett kva som skjer kan ein aldri verkeleg endre seg?
Eg veit ikkje om eg liker den tanken.

2 kommentarer:

Elen Fossheim Betanzo sa...

Jeg elsker denne filmen! Men jeg er også usikker på budskapet. Må det være et budskap? For meg ligger filmens styrke i beskrivelsen av karakterene, som jeg mener er utrolig tatt på kornet. Jeg ler og ler av Juan Antonio. Kan man finne en mer stereotyp fremstilling av den spanske kunstnermannen?

P.S. Nesten alle jenter jeg har snakket føler seg mest som Vicky, men vil gjerne være som Cristina. Hva tror du det betyr?

Aina Basso sa...

Nei, eg meiner ikkje at det MÅ vere bodskap i filmar eller bøker. Men eg trur det ofte er det. I denne også. Det synest så tydeleg.

Når det gjeld P.S.-et ditt så vil eg seie at Vicky og Cristina er motpolar som er meir polariserte enn folk flest er. Eg føler meg verken som Vicky eller Cristina, og har heller ikkje lyst til å vere som nokon av dei :)