5. mars 2009

Glassklokken - The Bell Jar

Sylvia Plaths sjølvportrett frå 1951
Eg har lagt ut fleire sitat frå Glassklokken av Sylvia Plath, noko som tyder på at eg har likt å lese denne boka, at eg finn henne sitatverdig og interessant. Og det stemmer godt.

Den første delen av boka var fornøyeleg lesing. Overraskande fornøyeleg, sidan eg visste på førehand at det ikkje skulle dreie seg om eit særskilt forlysteleg tema.

I den første delen av boka er den unge intelligente og ambisiøse college-studenten Esther Greenwood i New York for første gong, på eit stipend saman med fleire andre unge kvinner. Handlinga føregår på femtitalet- eller byrjinga av sekstitalet. Ho kjenner seg tiltrekt av den minst skikkelege av jentene, ho vil oppleve noko, ho er ute etter eit slags svar, ei forløysing, ei retning - for kva skal ho gjere med livet sitt? Skal ho bli lyrikar? Redaktør? Skal ho fortsetje studia? Skal ho reise utanlands? Skal ho gifte seg og bli ei flink lita konemor? I så fall med kven? Med ungdomsforloveden ho har mista interessen for? Eller skal ho berre ta seg nokre eksotiske elskarar?

Mot slutten av NY-opphaldet kjem Esther stadig nærare samanbrotet. Ho reiser heim til mor si for sommaren, og det går nedover med henne, ho fell stadig lenger ned i ein depresjon, og ei rekke sjølvmordsforsøk følgjer.

Det er denne andre delen som kanskje eigentleg er boka, og denne delen er ikkje lett å lese, kva gjeld innhaldet. Fleire gongar måtte eg klappe saman boka fordi Plath skildrar litt for godt, så godt at det går inn i blodårene på meg, litt for sanseleg, litt for visuelt. Det er ubehageleg lesing på mange måtar. Men det er også mange fine og interessante observasjonar her, det er eit interessant og annleis tidsbilete og mange tabubelagte tema er her skildra frå ein ung kvinne sin ståstad, noko eg finn svært interessant. Det er også interessant å høyre stemma til ei ung og velutdanna kvinne frå denne tida.

Eg synest dette var ei særs god leseoppleving. Psykiatrien på 50-60-talet er skildra frå innsida, det er interessant å lese om kva ei ung, velutdanna kvinne frå mellomklassa var oppteken av, og sjølve boka er veldig godt skriven, sjølv om omsetjinga nokre gongar er litt haltande.

Ein månad etter at Glassklokken kom ut for første gong, i 1963, tok Sylvia Plath sitt eige liv. Romanen seiast å vere svært sjølvbiografisk. Her er lenker til innlegga med sitat frå boka: Fotballkjærleik i technicolor - To sitat om kjærleik - Det blei Sylvia

5 kommentarer:

Monica sa...

Denne hadde jeg engang lyst å lese. Men plutselig ble jeg råka av sterke motforestillinger. Kanskje har det noe med å gjøre at et par jenter på et tidligere skrivekurs, refererte til den hele tiden. Nærmest som det eneste de noen gang hadde lest. Og nærmest som om de prøvde å skrive noe liknende selv.
Hmm. Du har fått meg nysgjerrig igjen! Ikke dårlig! Og jeg elsker jo "Birthday letters", selv om den er skrevet fra en annen side av saken..

Aina Basso sa...

Så fint, då! Eg likte denne boka veldig godt. Det var ei god og sterk leseoppleving. Mykje eg rett og slett måtte hoppe over mot slutten. Men no kan no eg vere litt sart på dei raraste ting, då.

Lille søster sa...

Fint du likte Glassklokken, Aina! Har du lest diktene hennes?

Aina Basso sa...

Nei, eg har ikkje det! Det burde eg vel?

Lille søster sa...

Absolutt.