6. februar 2009

Eg hermar litt

Flamme gjorde meg merksam på nok ein flott diktar i dag, etter han er død, slik det ofte er.
Dei gjengav eit fint dikt, og eg tenkte det passa fint å gjengi det her også (for dei få av mine lesarar som ikkje les Flamme på fast basis) - særleg sidan eg ikkje klarte å finne nokon andre dikt av han på nettet, og sidan det handlar om fly.

JET

Du ser det når kvelven
er skyfri og fin,
da spinn det ein ulltråd
or stålhalen sin
og rasar så fort
over himmelblå sletter
at lyden må brøle
fordi den blir etter

Arnljot Eggen.

Og ja, eg skal skaffe meg ei samling av han. Snarast.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Og eg som trudde Arnljot var ei dame.

Aina Basso sa...

Ja, det gjorde du vel.