7. februar 2009

Illusjonsbrot

Det er barne-tv på tv heile dagen no til dags.
Og mi vesle niese, som ser mykje mindre ut enn ho eigentleg er, som ho la det fram i dag tidleg, er oppflaska på kvinnelege superheltar, tøffe jentebander som hamlar opp med skurkane, og ja, kvinnelege skurkar, - for ikkje å snakke om tøffe tanter som bur i Oslo og klarer seg sjølve. I tillegg leiker ho med tøffe leiker slik storebroren gjer, teiknar teikningar av skumle typar som blør frå auga...

men likevel utbryt ho, når vi ser Bruce Springsteen spele konsert på tv:

HÆ?! Ei dame som speler gitar for ein mann?!

Likestillinga er ikkje komen så langt likevel. Og det gjer meg litt trist.

5 kommentarer:

fr.martinsen sa...

Men god observasjonsevne har hun, det er jo fortsatt svært uvanlig, særlig hvis det er en mann som er frontfigur i bandet.

Aina sa...

Heilt klart. Det er veldig uvanleg. Same som band der ein mann er frontfigur og det berre er kvinner som utgjer bandet. Og mannen ikkje har skrive ein einaste låt sjølv.

Og det er jo det som gjer meg trist. Eg lurer på om musikkbransjen er siste bastion, saman med idretten. Men eg håper betre tider er i vente. Der jenter ikkje berre vél piano, fløyte, kassegitar og song som hovudinstrument, men faktisk tør å spele trommer, bass, gitar, lage kule låtar. Og der omgrepet "jenteband" sluttar å eksistere, i likskap med "jentefotball", "handballjentene", "kvinnelege skihopparar" - som knapt får lov til å hoppe i bakkane på grunn av kjønnet sitt.

Eg håper ei slik verd ikkje er ein utopi. Men eg er søren ikkje sikker.

bandanders sa...

Der er det eg seier: Bonnie Raitt er altfor lite på TV

http://ckuik.com/Bonnie_Raitt

bandanders sa...

Berre i tilfelle du lurer: Eg ser skilnad på Patti Scialfa og Bonnie Raitt altså.

Aina sa...

Godt å vite, bandanders :)