15. januar 2009

Slik skriv vi

Han skriv bøkene til Margit Sandemo
heitte læreboka i skriving på barneskulen.
Slik gjer vi det, slik skriv vi, slik lagar vi bokstavar og ord og setningar. Så då var vel det greitt, då? Slik gjer vi det? Ver så god, her er oppskrifta?

Men det er jo forskjell på å skrive og å skrive. Og det er jo også forskjell på korleis ein skriv. For vi skriv jo på så forskjellige måtar, vi som skriv. Og når eg seier vi som skriv, meiner eg i denne samanhangen vi som skriv skjønnlitterært.

Vi skriv fort eller sakte, vi skriv mykje, vi skriv lite, vi skriv på papir eller på pc, heime eller på kafé, ja, stort sett. Skrivinga føregår på utallige måtar.

Kjell Askildsen, til dømes, fortel at han skriv uendeleg sakte. Og for hand. Alltid for hand, på papir, i bøker, vil eg tru, og ikkje på pc. Aldri på pc. Pc kan han seg ikkje med. Om han deretter skriv manuset ut på skrivemaskin, veit eg ikkje. Kanskje har han noko som fører det inn for han? Om det teier Radiodokumentaren på iPoden min.

Og på tv såg eg nyleg eit amerikansk kongressmedlem i sekstiåra som konsekvent skreiv pr. diktafon. Han skreiv altså på ein måte som dei fleste av oss ville kalla noko heilt anna enn å skrive, nemleg å snakke. Men brev blei det, like fullt.

Så har vi dei som tenker ut heile bøker i hovuda sine før dei skriv eit einaste ord. Om Jon Fosse, til dømes, seiast det at han skriv på denne måten. Han skriv med tankane først. Og det gjer vel dei fleste av oss, men kanskje ikkje i like ekstrem grad?

Så har vi dei som berre set seg ned og skriv. Som ikkje veit kva som vil kome. Kanskje skriv dei frykteleg fort, nærast med automatskrift. Har eg ikkje lese i eit norsk vekeblad ein gong at Margit Sandemo får hjelp av desse hjelparane sine når ho skriv? At ho let att auga og set handa på papiret, og ut kjem dei fossande, alle historiene? Eg har høyrt om poetar, også, som skriv på den måten. Men då er det vel eigentleg ikkje dei som skriv?

Så har vi dei som berre klarer å skrive heime, ved akkurat denne plassen, med akkurat desse rekvisittane til stades, med akkurat den roa og alt i livet på akkurat rett plass. Og dei som ikkje klarer å skrive heime i det heile, men må ut på kafear, kanskje endåtil på reiser. Kjell Askildsen har skrive mykje på kafé, seier han. Å skrive på kafé er heilt flott, så lenge forholda ligg til rette.

Andre reiser til Buenos Aires for å skrive. Eller Mallorca. Eller Tenerife. Agnes Ravatn tilbrakte nyleg eit par kjedelege veker på ein kjedeleg stad i Syden for å skrive. Der blei ho kjent med mange kjedelege pensjonistar, og kom tilbake like bleik som før, men forhåpentlegvis med nokre nyskrivne sider i handbagasjen.

Ja, det er så mange måtar å skrive på. Men det speler jo inga rolle, så lenge ein skriv. Sjølv liker eg best å skrive fort på pc. Eg skriv kanskje ei scene eller to kvar gong, før eg les over og stryk og flikkar. Så legg eg det frå meg og gjer noko anna. Det er sjeldan eg skriv mykje eller langt, sjølv om eg skriv fort. Men for mange blir det langt når dei skriv fort. Altfor langt. Det berre flyt ut. Det er, tenker eg, fordi dei gløymer å stoppe opp og puste. Kanskje har dei tenkt så mykje på førehand at tanken må vere utkopla medan dei skriv? Eller kanskje er dei meir til stades i tekstane sine enn eg er? Det veit eg ikkje.

Det einaste eg veit er at eg har frykteleg lyst til å skrive. At eg har bestemt meg for at all overskotsenergien min frå no av (dette bestemte eg i går eller forgårs, eg gløymer) skal kanaliserast inn i skrivinga. Så heretter blir det ikkje noko tull frå meg. Eg har dessverre byrja litt dårleg, då. Eg skreiv ingenting i går, og i dag blir det sikkert heller ingenting. Men frå i morgon av skal det skrivast! Då skal all energien eg dei siste månadane har brukt på totalt unyttige ting samlast i ein klar, smal stråle og kanaliserast rett inn i kjernen av problemet: manuset.

Ja, frå i morgon skal det bli andre bollar.

15 kommentarer:

ertestuing sa...

Jeg klarer ikke å si hvorfor, men av en eller annen grunn var det akkurat dette jeg trengte å lese i dag. I morgen skal jeg skrive, jeg også. I morgen. Lykke til, Aina!

heklehatt sa...

Lykke til, aina! husk å puste innimellom, da.

Aina sa...

Så bra, Monica! Takk og lykke til, du også! Og takk for den veldig fine bokomtalen som eg ikkje har sett før i dag! Han har gått meg hus forbi, av ein eller annan mystisk grunn.

Heklehatt:
Ja, det er viktig å puste. Sånn. No pustar eg. Og no.

Avil sa...

Det er verkeleg ei lise å høyre om andre sine skrivetankar. Takk.

Aina sa...

Berre hyggeleg, du.

Lille søster sa...

Flott innlegg!
Jeg skriver også fort, stort sett. Før skrev jeg veldig fort, nesten automatskrift. Nå har jeg gått litt bort i fra det - det er så tidkrevende!
Å skrive på kafé gjør jeg aldri mer - etter at jeg for mange år siden satt og skrev på en kafé. Det var mørkt ute, slik at vinduet ble et speil. Og en gjeng gutter satt plutselig å leste høyt det jeg skrev - de leste det i vindusspeilet.

Aina sa...

Hm. Så frekke gutane var! Var det slik at du følte deg latterleggjort?

Eg liker absolutt ikkje at folk les det eg skriv medan eg skriv. Det er som om nokon skulle bryte seg inn i hjernen min og lese dei umiddelberre tankane som oppstår der - slikt ein ikkje kan styre, plutseleg blottlagt for uvedkomande.

Avil sa...

Nei, fri og bevare. Tenk om nokon skulle henge over skuldera mi her eg sit. Det ville vore lammande.

Lille søster sa...

Jeg følte meg i hvert fall veldig dum, og gikk med en gang. Det var heldigvis ingen jeg kjente (jeg gikk på videregående).
Før kunne jeg skrive mens mannen min satt like ved, men nå er jeg avhengig av å være mer i fred. Litt dumt, siden jeg har kontorplass i stua.

Aina sa...

Eg vil også helst vere åleine. Og eg liker ikkje å skrive på kafé. Folk byrjar sjå slik på ein, og ein føler seg som verdas største posør (iallfall gjer eg det). Men eg antek det går lettare om ein bruker laptop og ikkje notatbok - for då kan ein jo jobbe med noko nøytralt og ufarleg. Men eg liker å skrive på flyet. Viss eg har ein tom plass ved sida av meg.

Midifila sa...

Finfin post, Aina!
Eg skriv overalt, frå kafé til heimekontor. Med penn eller på laptop. Aleine eller med huset fullt av ungar. Med og utan lyden frå Disney Channel. Helst utan.

Lille søster sa...

Da er du både flink og heldig, Midifila!

Midifila sa...

Eg er kanskje heldig, men det er også snakk om at eg ikkje har hatt så mange val. "Nøden lærer naken kvinne" osb.

Akkurat no skriv eg verken her eller der. Og det saknar eg.

Aina sa...

Ja, det er flotte greier! Nauda lærer oss så mangt. Det er bra det kjem noko godt utav henne, også!

Virrvarr sa...

Jeg skriver på rutepapir med Bic-penn. Jeg skriver overalt. På bussen. På café. I sofaen. Ikke så mye på skrivepulten. Når jeg skriver på pc, gjør jeg det i Gedit (Notepad til Linux). Hver time klipper og limer jeg over i et program hvor jeg lager linjeavstand og skikkelige avsnitt. Men skrivingen skjer først og fremst med veldig enkle remedier.