18. januar 2009

Om debutantane i 2008

Hamar Arbeiderblad har skrive litt - og gjennomgåande velvillig - om alle dei skjønnlitterære debutantane frå 2008. Overskrifta er "Gode nykommere", og at vi var heile 54 i talet, var meir enn eg har fått med meg! Det er også interessant å merke seg at kvinnelege debutantar var i eit knapt fleirtal i fjor.

Dei skriv, som så mange andre, at det er eit ope spørsmål om Ingen må vite er ein roman for ungdom eller vaksne. Det at så mange stiller det spørsmålet tek eg som eit positivt teikn: ei bok treng kanskje ikkje vere anten for ei målgruppe eller for ei anna. Dei stiller same spørsmålet ved fantasyromanen til Silje E. Fretheim, Tilfeldigvis. Arial Footlights forhistorie, som eg for øvrig les for tida. Konklusjonen må vere at bøker kan funke for folk i fleire aldrar. Kanskje hadde litteraturen hatt godt av å droppe båssetjinga?

Om Ingen må vite skriv dei mellom anna følgjande:

"Temaet er originalt, formen kortfattet, tonen poetisk, perspektivene vide. Vurdert som ungdomsroman framstår Aino Basso som årets kanskje fremste debutant i sin klasse."

Heile artikkelen kan lesast HER.

P.S. Det er ganske vanleg at journalistar og meldarar (og andre folk) kallar meg Aino Basso. Det kling kanskje betre?

11 kommentarer:

Ida sa...

Eg må nok sei at eg er ganske så får å droppe båssetting. Er så mange ungdomsbøker som eigentleg ikkje berre er ungdomsbøker som ikkje blir lese av vaksne berre for at det er ungdomsbøker.

Kanskje du må vurdere å bytte navn til Aino? :P hehe

Jørn Roeim sa...

Fremste debutant i sin klasse? Gratulerer! Kan det bli bedre? Jeg er sikker på at karakteristikken er vel fortjent også.

Aina Basso sa...

Ida Lovise:
Heilt einig. Det er mykje god både barne- og kanskje særleg ungdomslitteratur som godt kan lesast av vaksne. God litteratur er god litteratur.

TM:
Takk for det. Det var ikkje verst karakteristikk, det!

Lille søster sa...

Fint å få en slik oversikt over debutantene - hadde slett ikke fått med meg alle navnende før.

Sesselja sa...

Jeg trodde lenge du het Aino (og har sikret kalt deg det også). For min del tror jeg det har noe med at jeg iblant drar inn bokstaver fra nærliggende ord og lager mine egne - og på bloggen din står jo O-en i Oslo rett under A-en i Aina, og vips! blir Aina til Aino!

Monica sa...

Gratulerer, Aina, Aino, Bassa, Basso ;) Vel fortjent omtale og ære!

Aina Basso sa...

Det er faktisk ei jente frå Giske som heiter Aino, så eg er van med å bli kalla det. Eg er likevel ikkje komfortabel med det. Det er ho som er Aino, eg er Aina, eg. Det er det stor forskjell på!

Anonym sa...

Kjekk oversiktsartikkel - masse folk jeg ikke har fått med meg.

Mindre båssetting hadde helt klart vært å foretrekke, både når det gjelder sjanger og aldersmålgruppe.

Jeg prøver meg snart på boka di igjen, forresten. Den står nå i hylla på det bittelille familierommet den bitelille familien min har flytta inn i på sykehuset. Nå er det spisetrening som gjelder, men et kvarters tids lesing nå og da bør vel være mulig å få til ...

Aina Basso sa...

Så hyggeleg å høyre, Silje. Det går bra med den vesle kroppen?

Anonym sa...

Det går fint! Har sølt morsmelk på smussomslaget til boka di, men det er vel sånt smussomslag er til for :)

Aina Basso sa...

Hehe. Det reknar eg med det toler, ja.