21. januar 2009

Slik skriv du ein stor roman, sa Langeland

I går var eg på mitt første medlemsmøte i Norsk forfattarsentrum, som blei halde på Kverneland i Litteraturhuset (som er rommet der DENNE forfattarfrisen er malt på veggen). Det var ganske bra oppmøte og Henrik H. Langeland freista lære oss som var der korleis vi skulle skrive ein bestselgjande roman.

Eg har, som dei som har lese Ingen må vite kanskje har skjønt, verken interesse av eller lyst til å skrive denne typen litteratur, men for dei som er interesserte skal eg avsløre triksa her (fritt etter hugsen):

- kom i gang med det du eigentleg vil fortelje i løpet av dei tre-fire første sidene (her trekte Langeland fram Per Petterson som eit døme til etterfølgjing. Han bruker 3 1/3 side på å kome til poenget i Ut og stjæle hester).

- det må stadig skje ei forandring i teksten for at lesaren skal gidde å bla til neste side. Ei typisk slik forandring er eit møte mellom menneske. Her nyttar det ikkje at hovudpersonen berre ligg på rommet sitt og tenker, sa Langeland. (Noko Heidi Marie Kriznik hadde innvendingar mot og meinte var ei banalisering. Ho meinte det ikkje berre er rein handling som driv ein lesar framover i teksten, men også eit godt og stramt språk. Ho påpeikte at det kan skje store psykologiske ting inne i hovudet til ein einskild person, som kan vere interessante for ein lesar.)

- bygg handlinga opp i aksjon - reaksjon, rundt djuptliggande konflikter. La karakterane agere og støyte borti kvarandre, sa Langeland (og eg såg føre meg figurar som svirra rundt på ei scene og bumpa borti kvarandre, slik radiobilar gjer. Deretter blei eg frykteleg oppteken av noko farris-søl under stolen framfor meg, som først la seg ned som eit sprudlehjarte på golvet, så seig sakte utover på eine sida og deretter la seg til under stolbeinet).

- hovudpersonen må vere sympatisk nok til at lesaren kjenner seg igjen, men ikkje einsidig god, for då blir personen flat og uinteressant (her kom det innvendingar frå Berit Hoff, som meinte det var tonnevis med døme på stor og god litteratur med usympatiske hovudpersonar, som t.d. Raskolnikov (Forbrytelse og straff) og Parfymen, m.v. Dette utarta til ein diskusjon om kor vidt hovudpersonen i Parfymen er reint usympatisk eller ikkje. Eg vil seie ikkje, sidan han er eit typisk døme på problembarnet som det går ille med, og dei har eg ein tendens til å ha ein viss grad av sympati for inst inne)

- gi karakterane skikkelege namn og la dei kjøpe pølser på 7eleven. Det er altfor mange romanar der "han" og "ho" (her sikta han tydeleg til Jon Fosse og hans like) køyrer rundt på vestlandet og det skjer ingenting. La dei kjøpe ei pølse på bensinstasjonen, sa Langeland.

- grep som funkar for å få lesaren interessert:
* gjenkjenningsfaktoren
* få innsikt i noko ukjent
* nøkkelroman (Se og Hør-/ kikkarfaktoren)
* pinlege episodar (her var det fleire kvinner som var ueinige, trur eg. Eg hugsar iallfall frå då eg var lita at viss det var noko pinleg på barne-tv gøymte eg meg anten under bordet eller gjekk ut på gangen. Eg er ikkje meir glad i det pinlege i dag.)
* det morbide (som i krim. Her gav Langeland døme frå Jo Nesbøs Frelseren der mordaren syg ut offerets auge med støvsugarslangen. Noko han med rette påpeiker at er unødvendig gjort av mordaren. Personen er uansett død.)

- godt språk (Langeland er av den oppfattinga at spennande, medrivande handling og godt språk let seg kombinere. Som er ei god oppfatting, etter mi oppfatting. Men kva vi anser som godt språk er jo diskutabelt.)

- bruk av dialog, aka replikkar. Minst muleg skildring, mest muleg dialog. Som jo er ein velkjent måte å skape framdrift på (i tillegg blir det fort langt av det).

- bygg opp romanen i scener, og planlegg gjerne plottet og utviklinga i historia på førehand, før du skriv. Elles veit du jo ikkje kor du kjem til å ende, sa Langeland (noko som er det mange liker aller best med å skrive - at ein ikkje veit, og at uventa ting skjer).

- og til slutt det evige rådet: les god litteratur (som ifølgje Langeland er alt frå dei store klassikarane frå yonder years, altså Shakespeare, Ibsen, Hamsun, & co, til J.M. Coetzee, Per Petterson, Vikram Seth, Cormac McCarthy, Phillip Roth - altså store samtidsromanar som gjerne kjem som hovudbøker i bokklubben. Han nemnte ingen kvinnelege forfattarar).

- så for å oppsummere: handling, framdrift, forandring, aksjon - reaksjon, konflikter, oppbygging rundt scener, og sjølvsagt - noko Langeland ikkje sa, trur eg, men som er openbert for oss alle: klimaks og overraskande slutt.

Langeland hadde elles følgjande definisjon: alt som ikkje er handlingsdriven prosa er lyrikk.

Trur kanskje det var ein del både romanforfattarar, novellistar, kortprosaistar og lyrikarar som var noko ueinige i denne definisjonen. Men det er jo kvar sine meiningar.

Forfattarar med motsett standpunkt frå Langeland ville sagt at det speler inga rolle kva du skriv om, så lenge språket ditt er godt. Som t.d. Fosse, eller som Arnt Birkedal har sagt, til meg. Men det er klart: skal du nå ut til eit stort publikum må du ha ei medrivande handling. Og det var det Langeland snakka om. Og berre det. Men eg er ikkje heilt sikker på om eg er einig i at stor romankunst er synonymt med bestselgjande bøker etter oppskrifta Langeland her skisserte.

Etter møtet blei det sosialisering med andre hyggelege og skrivande folk. Eg håper Forfattarsentrum fortset med medlemsmøter. Ein draum ville jo vore å få t.d. Kjell Askildsen til å kome og snakke om novellekunst. Men det er vel ikkje så lett å få til, kan hende. Likevel: det er jo lov å drøyme.

22 kommentarer:

ertestuing sa...

Jeg er litt lei av å høre Langeland sitere fra boken "Story" av Robert McKee. Vil man pugge oppskriften på en millionselgende roman klarer man fint å lese den amerikanske brukerveiledningen selv. Personlig klarer jeg meg uten. Eller klarer og klarer. Jeg sliter jo selvsagt av og til med skriving. Men hva så? Det er en del av pakka. Pølse på 7-eleven. Høh. Skifte tampong på do. Joda. Jeg skjønner hvor han vil. Men ærlig talt. OPPSKRIFT? Tull og tøys. Og stå på, alle uten oppskrift eller fasitsvar.

Aina sa...

Å? Har han henta dette frå den boka? Eg som trudde han hadde soge det frå eige bryst!

ertestuing sa...

Mulig han har sugd noe ut av seg selv også, og jeg var litt flåsete når jeg sa "sitere", men innholdet er det samme. Jeg blir så ... ja, hva blir jeg, egentlig, SLITEN, av at det liksom skal finnes en oppskrift for alt. Gjør ditt og gjør datt, så går det sånn og sånn, og du får den fineste typen i byen og plass langt framme i vinduene på alle de store bokhandlerkjedene. Jeg tror ikke det er sånn. Jeg tror like mye på slumptreff. Håper, i alle fall. Å skrive føles like viktig - uansett.
Men viktig innlegg dette, Aina! Du er flink til å skrive om viktige ting, det skal du ha.

Aina sa...

Etter mi erfaring plar oppskriftene sjeldan å funke. Den finaste typen i byen viser seg å ikkje vere så veldig stas likevel. Eller ein finn ut undervegs at ein ikkje vil ha ein type ei jente som deg, men ho du må late som du er fordi du følgjer oppskrifta til suksess. Men no bruker eg metaforar. Og det liker ikkje Langeland. For dei er utan unntak dårlege.

Det er klart det er noko å lære av formellitteraturen. Måten å bygge opp ein situasjon på, til dømes, mot eit klimaks. Spenningskurver. Viss ein vil at det skal vere spennande.

Men eg veit ikkje heilt eg, kor interessant det er å skrive på denne måten. For meg er det ikkje det. Men sikkert for mange andre! Og det er nok av lesarar som vil ha plottbasert litteratur, som synest eit godt plott er synonymt med ei god bok og dermed ei god lesaroppleving. Det det koker ned til er vel kva slags litteratur ein vil skrive, kva slags forfattar ein vil vere, kva ein vil oppnå ved skrivinga si. Og det treng jo ikkje å vere å skrive ein bestselgjar.

Og elles takkar eg for komplimentet. Men eg trur ikkje eg skriv om det eg skriv om fordi eg tenker at det er viktig, men berre fordi det interesserer meg. Så sjølvsentrert er eg! :)

ertestuing sa...

Så er vi to. Sjølsentrerte og skrivende ;) Heia!

Aina sa...

Heia heia!

Lille søster sa...

For noen kan det kanskje funke å følge slike råd og oppskrifter. Jeg vet ingenting om det, for jeg er jo i den helt andre enden av skalaen (lyrikken).
Men morsomt var det å lese referatet ditt, Aina! Har du blitt medlem i Forfattersentrum? Det har bare blitt med tanken for meg. Men det kunne vært morsomt å være med på et slikt arrangement.

Aina sa...

Ja, eg har skjønt det som ein fordel å vere medlem der. Så eg søkte med det same eg fekk ut bok, eg. Men viss ein blir innkjøpt skal det gå automatisk, iallfall gjer det det no. Så eg er blitt medlem.

Men der finst jo oppskrifter for lyrikk, også. Korleis synest du det funkar?

Lille søster sa...

Jeg har egentlig aldri prøvd. Kikket litt på verseformer og slikt i "Skriveboka" en dag, men ble bare sliten i hodet av det. Så jeg holder meg til innfallsmetoden foreløpig.

kristine sa...

Jeg var på en fest tidlig i desember hvor det var en fyr som gjerne ville diskuterer litteratur. Han valgte alltid bøker fra bokandlenes 10 på topp bestselgerliste og mente at han dermed fikk lest de beste bøkene. Jeg kjente at det dette provoserte meg litt fordi det ikke er slik jeg velger bøker. Helst vil jeg jo finne noen go'biter ad mystiske omveier, men en anbefaling eller god anmeldelse er ikke å forakte.

Det som slo meg var at de bøkene han leste ofte lignet hverandre på en eller annen måte. Det var ofte spenning eller historie. Han syntes dialog var viktig, men det må være spennende, aktive hovedpersoner. Så Langeland treffer denne leseren.

Jeg har lest Langelands bøker og synes de har vært underholdene, men har ikke tenkt på det som god litteratur. Wonderboy må jeg innrømme at jeg har hatt en stor fascinasjon for fordi den beskriver en del av Oslo jeg overhode ikke har forhold til, men jeg har alltid tenkt at det var litt "show off", snarere enn litteratur.

Til noe annet:
Er det ikke Langeland som er Proust-kjenner. Proust er vel for så vidt en best selger, men fyller vel ikke kriteriene til Langeland...

heklehatt sa...

interessante innlegg/kommentarer! jeg er enig i at folk har ulik interesse her. noen liker disse bestselgerne, og noen ønsker å skrive dem. jeg er enig med aina og ertestuing i både slumptreff og andre drivkrefter. For meg er det lysten til å uttrykke noe, få det til, få det akkurat slik. Og det tar tid. og det er ingen oppskrift. men det betyr alt, når man får det til. Lykke til alle dere som prøver!

Tehme Melck sa...

Imponerende referat.

Avil sa...

Oppskrift på suksess er ikkje lett. Han snakkar ikkje om god og dårleg litteratur, men det han rekner som suksessromanar? Eller godt handverk?

Eg blir litt usikker på kva som er meint. For skriving ER handverk, men einkvar kunstnar som kjenner sitt handverk kan nettopp friare velge å IKKJE følge oppskrifta, fordi ein kjenner materialet sitt og ein kjenner verktøyet.

Eg vil heller diskutert dette med språket. Romanar som er drive av godt språk.

Eg kjøper den nemleg ikkje. Godt språk aleine er meiningslaust. Det må ei særleg evne til observasjon og refleksjon for å skrive slik.
Om det er han og ho som køyrer rundt og "ingenting skjer". Så skjer det mykje likevel, det skjer ikkje berre "språk". Det er dei små nyansane, det er forståinga av det intra- og interpsykiske. Kan hende er det ikkje "handling" som driv det fram. Men det er faen døtte meg heller ikkje reint språk. Det er innhald i språket, og det innhaldet er like viktig som ordvalget. Også om det står stilt.

Anonym sa...

Aha, så det er derfor Francis Meyer kjøper så innihelvete mange eggekremboller i Francis Meyers lidenskap!

Aina sa...

Lille søster:
Intuitivt har eg tru på innfallsmetoden. Det er sjølvsagt kjekt å kunne nokre grep også, men ein treng jo ikkje å nytte dei, berre vite at dei finst?

Kristine:
Eg merkar korleis eg stadig meir held meg unna topp ti-listene. Erfaringsmessig synest eg nettopp at dei bøkene blir vel like og kanskje er eg meir interessert i å lese noko som er litt originalt?

heklehatt:
Eg lykke til til deg! Eg synest ikkje det er noko i vegen med å ville skrive ein bestselgjar. Men, som vitterleg også Langeland påpeikte, det er ikkje lurt å gå inn for å skrive ei bok som skal selje mykje - det blir det sjeldan god litteratur av.

Tehme Melck:
Takk for det. Kjekt at du er meir imponert over referatet enn innhaldet.

Avil:
Han snakka om suksesslitteratur. Det han kalla stor romankunst, som ifølgje han kjenneteiknast av å nå ut til eit stort publikum ved hjelp av dei ovannemnte elementa.

Nei, einig i at godt språk åleine ikkje driv ein roman. Men ein roman kan handle om ganske ordinære ting viss kombinasjonen gode observasjonar - som du påpeiker - og eit verkeleg godt språk er til stades. Somme kan faktisk skildre ein ordinær frukost på ein måte som gir meg leselyst og leseglede. Men kanskje kan ein ikkje ha eit godt språk - i denne samanhengen - utan at det også inneheld gode observasjonar? Rein formuleringskunst (som Langeland kalla det) er ikkje nok.

Anonym:
Godt observert! Det er nok nettopp difor. Det er vel det Langeland vil kalle eit karaktertrekk ved sin protagonist.

Dipsolitteraten sa...

Bra innlegg, Aina.
En klaff faller ned i hjernen, og jeg tenker på denne definisjonen: En bestseller er en bok som blir lest av veldig mange, og som blir veldig raskt glemt.

Hvorfor går ikke Langeland hjem og skriver en bestseller, hvis han har funnet fasiten?

Lille søster sa...

Det kan nok være noe i den definisjonen, Dipso.
Noen av de beste bøkene blir bestselgere på sikt, over et langt tidsspenn. Når de andre bestselgerne er glemt.

Aina sa...

Interessant tanke. Kanskje har de rett.

Eg trudde det var nettopp det han hadde gjort, eg, Dipso? Med Wonderboy og Francis Meyers lidenskap?

vanskeligeviljar sa...

Full fres og hurramegrundt er tingen! Likevel er det ofte de seige beskrivelsene av en fyr som vasker hendene mes tankene flyr over side etter side som gjerne sitter igjen flere år etterpå. Jeg har ingen oppskrift, men jeg tror på tesen om å bare skrive en helvetes masse også klippe alt ned og lime det sammen med gode overganger i etterkant.

Aina sa...

Eg jobbar utifrå ein annan metode.
Skriv lite, og kutt mykje. Hehe.

Lise sa...

Syns DU skriver bra jeg Aina. Hilsen en stooor fan

Aina sa...

Hehe, takk for det, Lise :)