Det blir for mykje "sa han, sa ho" i Fosse sine bøker, meiner Henrik H. Langeland. Der er vi ikkje einige.
Andvake er eit gammalnorsk ord som betyr svevnløyse, ørske.
Forteljinga hentar element frå bibelforteljinga om Maria og Josef som ventar barn, men som ikkje finn nokon stad å ligge. Asle og Alida er to unge, fattige kjærastar, enno ikkje gifte, som òg ventar barn. Like før fødselen skal skje blir dei kasta ut av naustet dei bur i i heimbygda, og reiser til Bjørgvin (som jo er eit gammalt namn på Bergen, og som leier tankane til ei svunnen tid, ei tid som ikkje blir spesifisert) for å freiste skape seg eit liv og ein heim der.
Asle er spelemann, som far hans var før han, og far hans før han. Men no er begge foreldra døde. Og Alida si mor vil ikkje ha noko med henne å gjere, ho føretrekk søstera, som er lys som henne, og ikkje Alida, som er mørk som den vekkreiste faren.
Det er berre slik, det er nokon som eig, og nokon som ikkje eig, seier ho
Og dei som eig bestemmer over dei, oss, som ikkje eig, seier ho
Det er vel slik, seier Asle
Og slik må det vere, seier Alida
Det må vel det, seier Asle
Men i Bjørgvin er det heller ikkje lett å finne rom for slike som dei. Korleis skal dei klare seg? Det er kaldt og mørkt, nettene er lange, og tida nærmar seg raskt.
Forteljinga er skriven i eit relativt arkaisk, korthogd og gjentakande språk, med gammalmodige vendingar, som fører oss tilbake i hundreåra. Teksten har desse saumlause vendingane som Fosse beherskar så godt, frå notid til draum, fantasi eller tilbakeblikk til kva som har skjedd før, til viktige episodar som fortel oss noko meir om desse to, om folka deira, om verda dei har levd i før vi møter dei og alt er som det no er, for å seie det på Fossesk.
Det er noko i denne forteljinga som gjer at eg vil lese vidare, eg vil vite meir. Det er ikkje berre språket, for å ta opp diskusjonen frå førre innlegget. Eg kjenner ei brenning i magen, eg kan ikkje sleppe dette uforløyste. Sjølv om historia ikkje er spennande på ein aktiv måte, skjer det ting som leier mot ein topp, og på sin stillferdige, sparsame måte driv Fosse meg vidare i teksten, heilt til forteljinga plutseleg er slutt. Like brått som ho byrja.
Det er ei lysande vakker skildring av kjærleiken mellom dei to unge, og ein roman støypt i ei stram og unik form, der alt er enkelt og storslått på same tid, skriv Samlaget om denne boka.
22. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Jeg skal også lese denne boka. Snart. Men bunken med bøker jeg vil lese bare vokser og vokser i vinduskarmen. Slik er det å jobbe på bibliotek.
Og jeg er enig med deg. Det er ikke for mange sa han og sa ho hos Fosse. Han kan tillate seg disse gjentagelsene fordi han er så god. Vi andre må passe oss litt...
Bunkar veks, også utan å jobbe i bibliotek.
Og denne har stått i hylla i eit halvår, minst. Men det gjer ingenting. Det var godt å ha henne der når dagen kom.
Legg inn en kommentar