23. november 2008

Tre til

I

eg snur, byrjar å gå
skoa søkk i det våte
graset, slit av strå med tuppane
nede ved moloen
ligg ein sandflekk og lyser

eg finn ein sti
og går ned til han

over rullesteinane i fjøra så ned
på den tette sanden, litt våt
eg lagar nesten ikkje
spor etter meg

avtrykka er
svake grunne

II

havet står midt imot
eg set meg
på berget, vaiar
ein strandnellik i ei tue, stuper
ein måse lenger utpå, smaker
salt av vinden

eg kroppar på noko rur
ser ikkje på noko berre har blikket
der
framfor meg


III

døgeret er to strekar
den eine går sola ned bak

havet er endelaust
ingen holmar eller øyar
utover, ingen båtar
pløyer

vatnet berre hav
og himmel

ein fugl flyt på ein luftstraum
i det blå over
havet under himmelen

alt går sakte
tida, eg
kastar noko i sjøen
ein stein
kva som helst

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Du må gi ut diktsamling, Aina.

Aina Basso sa...

Så fint at du synest det! Eg har veldig lyst og jobbar med dikta litt sånn jamnt og trutt.

Lille søster sa...

Det fine med å skrive dikt er at en kan jobbe med det innimellom andre ting (jobb, barn, annen skriving.) Ikke at det er venstrehåndsarbeid akkurat - tvert i mot. Men prosa krever mer sammenhengende tid, flere timer om gangen. I hvert fall er det slik for meg.

Aina Basso sa...

Ja, det er sant.
Ein kan endåtil skrive dikt på gata medan ein går. Ein må berre hugse å sjå opp når ein kryssar vegen.