24. november 2008

Gjev du batt meg

Å gjev du batt meg
med Bast og Bende
å gjev du batt meg,
so Bandi brende!
Å gjev du drog meg
so fast til deg,
at heile Verdi kom
burt for meg!

Frå Haugtussa av Arne Garborg. No betre kjent i tonesett versjon av Valkyrien Allstars.

13 kommentarer:

Avil sa...

EG har nynna og sunge på denne sidan Faltura-konserten, og no syng fireåringen med. Det er liksom litt upassande, særleg sidan han er så forelska i meg...

Aina sa...

Hehe, eg òg!
Og no har eg ein ekstra grunn til å synge på han, eg skal nemleg på konsert med dei på John Dee 18. desember! Hurra! Då skal eg rocke folkemusikkrumpa!

Og ja, det er heilt klart upassande. Lær han ein annan song. Tenk på kva dei kjem til å seie i bageharnen!

Avil sa...

Åh, i barnehagen er dei allereie informert om det meste og det verste.

Heldige du som skal sjå Valkyrien igjen! Gjev eg var der!

Aina sa...

Å, gjev du var her
og rocka med meg
Å, gjev du var her
og drakk ei øl
Å, gjev du stilte
deg tett inntil meg
Å, gjev du kom hit
og laga bøll!

Avil sa...

Bøll skulle det blitt, og om eg hadde vore ferdig med boka skulle eg unna meg turen, faktisk. Men sidan eg er den sløvaste blir det ikkje til.

Aina sa...

Vi tek det igjen, vi!
Både bøll og øl og bitting.

Elin sa...

Valkyrien Allstars versjon er innmari kul, da. ;-) De sang denne på Brageprisutdelingen. :-)

Aina sa...

Ja, den er veldig kul! Får berre lyst til å danse rundt og rundt når eg tenker på han!

Elin sa...

Skal du på konserten 18. desember?

Aina sa...

Ja, eg skal det! Skal du òg? Eg gler meg som ein hund som er gal etter opprocka folkemusikk med inderlege nynorsktekstar om kjærleik!

Elin sa...

Jeg skal! :-) Gleder meg som en unge til julaften!

*hvisker* Kanskje jeg skal ta med meg boka mi og true deg til å signere den? ;-)

Aina sa...

Eg òg!

Klart du kan ta med boka! Ta med ein penn, òg, då :)

Elin sa...

I will. :-)