24. november 2008

Tre triste på ein måndag

Ok, melankolske, då. Potensielt triste, potensielt fine.
Og mine topp tre songar å synge til ein eg liker litt ekstra godt.

My Funny Valentine - her med Radka Toneff, men eigentleg er det Chet Baker-versjonen eg liker best. Den han syng på.
Nei, eg trekker det tilbake! Det er DENNE versjonen med Elvis Costello som er den finaste! Den har eg leitt etter i femten år. Takk, gode Fivelstad!

April in Paris - her med Billie Holiday.

I´m a Fool to Want You - også med Billie.

7 kommentarer:

Blastocyst sa...

Dette var ein sjeldant koseleg blogg, prisverdig skrive på det aller flottaste skriftspråket.

Ang. dette blogginnlegget kan eg skyte inn at Elvis Costello sin versjon av "My Funny Valentine" også er fin. Kanskje mi favoritt-tolking av akkurat den låta.

Aina Basso sa...

Takk, takk!

Det var Costello-versjonen som gjorde at eg byrja elske denne låta ein gong tidleg på nittitalet. Men eg har aldri funne han att! Takk så uendeleg mykje. Dette gjorde dagen min.

Og takk for ros. Kjekt med nye, nøgde lesarar :)

Hilde sa...

Ah! Flott versjon!
Oh, Elvis, be my valentine.

Aina Basso sa...

Ja, var ikkje den berre den beste!

Blastocyst sa...

Så flott! :)

Lille søster sa...

Rart vi begge hadde lagt ut sanger med Radka Toneff i dag.

Aina Basso sa...

Eigentleg ikkje så veldig rart, lille søster. Eg høyrte nemleg på songen du hadde lagt ut, og så la eg ut ein sjølv. Eg herma.