Eller er det kanskje nattas?
Her er iallfall eit ord eg bruker altfor sjeldan. Eg vurderer no å innføre det som ein meir aktiv del av mitt daglege vokabular.
kleise
I kleise v1 (av kleis) snakke ugreitt; lespe; vere kleis (1) k- på s-ane / tale barnespråk k- for ungane
II kleise v1 (smh med kleime og klisse) kleime, kline; vere blaut; hange ved snøen kleisar seg fast
III kleise v2 (truleg av II kleise) klaske, slå (med noko vått) k- att døra / k- egget i golvet / k- nokon om øyra / k- til slå til
Og det er tyding III eg refererer til når eg seier at dette er eit ord eg vil bruke meir.
Eg kleiser til!
16. november 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Med audiopedagogmor er eg van med uttrykket å kleise på s-ane.
Eg oppdaga i går at kveltre ikkje fins i nynorskordlista. Veldig teit.
Heldigvis fins skeine. No når det snart er glatt ute ville det vore rart å ikkje få lov å skeine litt på isen.
Dei to orda kjenner eg ikkje! Kva tyder dei?
Kveltre er å velte.
Skeine er slikt bilar og folk gjer på glatt underlag. Skeine har nokre andre tydigar i ordboka då.
Ah. Å skjene, som det heiter på bokmål?
apropos velte:
kølve
seier vi på Giske
Som t.d. "Nei, no kølva du glaset, di kløne!"
Legg inn en kommentar