15. november 2008

Den store forelskinga

Ei padde blei forelska i ein orm. Padda var raudrygga, rund og brei. Ormen var lang og lekker.
- Ein farleg fyr, sa venninnene til den vesle padda.
Dei åtvara henne så ofte som dei kunne.
Men dess sterkare dei åtvara henne, dess sikrare blei ho på at ormen var den rette for henne. Ho greidde ikkje tenkje på andre enn han. Og ho måtte snakke om han: om dei skråstilte auga, den kløyvde tunga og sikksakkmønsteret.
- Ein sleiping, sa venninnene. - Han der veit du aldri kvar du har.
Til det berre lo den vesle padda, for ho visste jo alltid kvar ormen var. Ho hadde nemleg funne seg ein gøymestad rett ved berget der han brukte å sole seg.

Frå forteljinga Ormens hjarte i boka Perfekte par av Erna Osland.

3 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg har nok vært den padda en gang, jeg:)

Aina sa...

Hehe, det har nok dei fleste av oss. Det er veldig fine, små historier. Eg tilrår dei verkeleg. Leikne, morosame, fine om til dels umuleg forelsking. Erna Osland er ei bra dame.

Anonym sa...

Skjønner ikke helt poenget med fortellingen, kan noen avsløre tolkningen/hemligheten bak fortellingen/poenget. Takk

med vennlig hilsen

ikke vitende person(Ida)