16. november 2008

Dagens ord

Eller er det kanskje nattas?
Her er iallfall eit ord eg bruker altfor sjeldan. Eg vurderer no å innføre det som ein meir aktiv del av mitt daglege vokabular.

kleise
I kleise
v1 (av kleis) snakke ugreitt; lespe; vere kleis (1) k- på s-ane / tale barnespråk k- for ungane

II kleise
v1 (smh med kleime og klisse) kleime, kline; vere blaut; hange ved snøen kleisar seg fast

III kleise v2 (truleg av II kleise) klaske, slå (med noko vått) k- att døra / k- egget i golvet / k- nokon om øyra / k- til slå til


Og det er tyding III eg refererer til når eg seier at dette er eit ord eg vil bruke meir.
Eg kleiser til!

5 kommentarer:

Avil sa...

Med audiopedagogmor er eg van med uttrykket å kleise på s-ane.

Eg oppdaga i går at kveltre ikkje fins i nynorskordlista. Veldig teit.

Heldigvis fins skeine. No når det snart er glatt ute ville det vore rart å ikkje få lov å skeine litt på isen.

Aina sa...

Dei to orda kjenner eg ikkje! Kva tyder dei?

Avil sa...

Kveltre er å velte.

Skeine er slikt bilar og folk gjer på glatt underlag. Skeine har nokre andre tydigar i ordboka då.

Aina sa...

Ah. Å skjene, som det heiter på bokmål?

Aina sa...

apropos velte:
kølve
seier vi på Giske

Som t.d. "Nei, no kølva du glaset, di kløne!"