15. oktober 2008

Nye, gamle

Det var dette ein skulle høyrt
Det er sjølvsagt vanskeleg å ikkje gå inn i eit antikvariat når ein kjem over det, særleg når ein kjem over det i ein by ein er på besøk i, som til dømes Trondheim, og antikvariatet ligg i eit koseleg, lite trehus på til dømes Bakklandet, og har to etasjar med ei brattgammal trapp mellom.

Det er sjølvsagt også vanskeleg å ikkje kjøpe noko, når antikvariatet i andre etasje har sett ut vasskokar og kaffi på eit bord, og har laga det koseleg for kundane med gamle bord og stolar som ein kan setje seg ned ved, hente fram ei bok frå til dømes dei velfylte lyrikkhyllene og setje seg og lese.
Så eg kjøpte noko.

Ut av butikken gjekk eg glad eit kvarter seinare, to diktsamlingar rikare:

Sone O av Paal-Helge Haugen (1992) og
En som ser. Dikt 1965-1966 av Jan Erik Vold, som er ei samling av dei tre første diktsamlingane hans mellom speil og speil, blikket og HEKT.
Jan Erik Vold-boka var endåtil signert!

4 kommentarer:

Hydra sa...

Veldig fint antikvariat. Og det blir drive av ein heilt ekte filosof.

Aina sa...

Heilt ekte filosofar er det nest beste eg veit.

Kari Folvik sa...

Ja, er ikkje dette antikvariatet flott! Og det beste er at eg snart skal flytte til Trondheim for eit år og får berre ein 5-10 minutts veg dit!

Aina sa...

Skal du?! Så heldig du er! Eg elskar Trondheim. Budde der i seks år. Og eg budde m.a. i området rundt Bakklandet. Koseleg! Du får ha lukke til. Og ikkje bruke opp alle pengane dine i antikvariatet!