17. oktober 2008

Det gjeld visst lyrikk, òg

Unnskyld fjortisuttrykket, men WAZZUP!?!

Eg gjengir her nokre anonymiserte, modifiserte og lett overdrivne sitat frå forlag og media:

NY HAUSTDEBUTANT

XY debuterte i 1992 med ungdomsromanen prikkprikkprikk. Han har seinare skrive fjorten bøker for barn og ungdom, og har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar for bøkene sine. Han er omsett til seks språk. Han debuterer i haust med vaksenroman.

eller dette:

DEBUTERER MED ROMAN

NN debuterte i 2004 med diktsamlinga egkjemikkjepånokontittel. Ho fekk debutantprisen for denne. Ho gav også ut boka detteerskikkeleggodedikt i 2006. Ho debuterer i år med roman for vaksne.

Finn fem feil, folkens. Eller berre ein.

14 kommentarer:

Hilde sa...

Det er berre så merkeleg! Eg skjønar meg ikkje på det. Tåpeleg. Eg vert mektig irritert, kjenner eg.

leselama sa...

Ha, ha, ha! Morsom du! Det var fredagslatteren sin det.

Men du, er det ikke stas å debutere da? ;-) Det kan man jo sikkert gjøre flere ganger når det er så vellykket som dette.

Aina sa...

Hilde:
Ja, det er veldig merkeleg. Men vi får sjå på det som ein måte å få debutant-merksemd to gongar på.

Men det går no ikkje andre vegen, då. Eller debuterer ein som lyrikar viss ein har gitt ut vaksenromanar før? Eller ungdomsbøker? Eller debuterer ein som ungdomsbokforfattar viss ein har skrive lyrikk før? Eller vaksenromanar?

leselama:
Det er klart det er stas å debutere, men ein lurer jo litt på kva signala er når ein prisløna lyrikar eller barne-ungdomsbokforfattar blir kalla debutant etter å ha vore ein anerkjend forfattar i mangfaldige år.

leselama sa...

Visst ser jeg poenget. Jeg bare synes du hadde presentert det hele med en kostelig ironi som jeg koste meg med her til fredagskaffen.

Men jeg mener da å ha lest opptil flere ganger at den og den forfatteren nå debuterer som lyriker eller debuterer som barnebokforfatter også jeg da. Det går vel ikke bare en vei. Kan hende er avisomtalene bare preget av dem som skriver dem sin språkbruk?

Avil sa...

Så om eg gjev ut ungdomsroman neste gong, får eg debutere ein gong til då?

Lille søster sa...

Det handler kanskje om at forlagene vil markedsføre bøkene, og ordet debutere er kanskje et ord som man legger merke til? Men det er litt irriterende.

Aina sa...

Leselama:
Fint, det var også poenget :)
Kanskje det berre er eg som ikkje har fått med meg vaksenbokforfattarar som debuterer som barnebokforfattarar?

Avil:
Trudde det blei ungdomsbok, eg!? Men tja, kan du eigentleg det?

Aina sa...

Lille søster:
Vi får ta det som noko positivt, som ein sjanse til å debutere fleire gongar.

Avil sa...

Ungdomsbok eller vaksenbok, det er litt vanskeleg å seie. Den er skrive for vaksne, men heilt klart leseleg for oppegåande ungdom. Og så har den jo spenningskurver av både typen handlingsdrive og intrapsykiske/interpsykiske. Lag på lag. Fnis.

Aina sa...

Litt det same som mi bok, då, berre omvendt. Skriven for ungdom, men kan òg lesast av oppegåande vaksne. Eller noko slikt.

Det pussige for min del er at det nesten berre er vaksne som har lese boka og skryte av henne så langt. Medan dei få ungdommane som har lese synest det er litt vanskeleg tilgjengeleg. Eg håper der finst unge der ute som er i målgruppa, òg. Det må det jo gjere. Eg hadde t.d. vore i målgruppa då eg var fjorten.

Bharfot sa...

Jeg tror Leselama har helt rett i at det samme gjelder motsatt vei. Og er det ikke litt fint med denne oppstykkingen? Jeg holder på med en kampanje i omfeltet mitt hvor jeg prøver å fortelle folk at de ikke nødvendigvis vet hva litteratur er, bare fordi de har lest en bokklubbroman.

Når jeg har vært på eksperimentell diktopplesning, og folk reagerer med å si at de ikke liker norsk samtidslitteratur, og det eneste de har lest er Unni Lindell, Jo Nesbø og Anne B. Ragde, da havner jeg alltid i en lang utledning om at de sammenlikner epler og kumlokk.

Roman er jo ikke roman heller. Det finnes utallige tradisjoner og underkategorier. Og jeg synes vi skal ønske alle typer nyansering varmt velkommen.

Aina sa...

Er du sikker? Eg vil gjerne ha eit døme der det står debuterer som ungdomsbokforfattar om ein som har skrive vaksenromanar i årevis, som til dømes Johan Harstad.

Elles er eg svært einig med deg. Litteratur er jo ikkje litteratur. Det vi (eg og Hilde, m.a.) reagerer på er nedvurderinga ein viser ein etablert forfattar når denne blir kalla debutant etter å ha vore ein seriøs og kanskje også prisløna forfattar i mangfaldige år.

Bharfot sa...

Ok, her har du eksempler.

Johan Harstad

Johan Harstad igjen

Carl Hiaasen

Isabel Allende

Håper lenkene virker.

Aina sa...

Ok, då. Eg gir meg!