17. oktober 2008

Spekulativ skriving

Lyst til å bli forfattar? Lyst til å debutere?
Viss du vil debutere éin gong og bli ferdig med det, tilrår vi deg å starte med å skrive prosa for vaksne. Høgst i kurs står romanen, deretter kjem noveller og kortprosa. Vårt studietilbod omfattar mellom anna det populære kurset DEB101: Innføring i Den Store Romanen.
Førelesingar i Komplisert konstruksjon, Mangefasettert persongalleri, Plottbygging og Selektiv språkføring. Vi tilbyr også Protagonist-kurs på kveldstid med innleigde storheiter innan den bestselgjande forfattarstanden (kursavgift kjem i tillegg).
Viss du derimot synest tanken på å debutere fleire gongar verkar forlokkande, kan våre kurs DEB201 Lyrikk eller DEB202 Barne-og ungdomslitteratur vere noko for deg. Her kan du lære korleis du skal skrive gode bøker, for deretter å gå vidare til DEB301 Vaksenroman, som er eit påbyggingsemne til DEB201 og DEB202.
Semesteravgifta er på 75 000 kr og inkluderer skriveblokk og BIC-penn.
For meir informasjon og søknadsskjema, sjå våre nettsider http://www.debutantskulen.no/.

4 kommentarer:

Hilde sa...

Hehe, så sant så sant.
Eg har opplevd at folk seier til meg: "Lyrikk, ja. Jau, det er mange som har starta der". Som om det er eit springbrett over til noko større! Les: Roman.
Tullete og provoserande.

Aina sa...

For noko tøys!

Etter mi meining er det for øvrig langt lettare å skrive ein medrivande roman enn ei medrivande diktsamling.

leselama sa...

He, he. Jeg virkelig hygger meg her inne hos deg i dag, jeg. Glad fredag!

Aina sa...

Hehe. Så bra! Ingenting er som å spreie litt godt humør ;)