14. oktober 2008

Poesitid

Eg er ikkje så flink til å høyre på radio på radioen, men eg er litt flinkare til å høyre på radio på nettet.

Dette skuldast 1. at eg ikkje har skikkeleg radio heime, men ein billeg drittradio som skurrar på våte konsonantar, 2. at eg heller ikkje har skikkeleg radio til å gå rundt med, dvs. eg har ikkje iPod (*skrik!*) og sjølv om mobilen har radio er høyretelefonane så ukomfortable at eg ikkje gidd å bruke dei, i tillegg til at batterikapasiteten byrjar å bli mildt sagt påklageleg, 3. at eg ikkje har hatt noko til overs for radio, fordi eg lenge ikkje skjønte at radio også var noko anna enn P3, og eg lenge var for ung til å skjøne meg på P2 og P1.

Men eg er altså blitt flinkare til å lytte til nettradio, og programma eg vil trekke fram her dreier seg (sjølvsagt) om litteratur.

Eg har høyrt Poesitid dei siste to helgene. No i helga fordi Hilde Myklebust var gjest der, og las og fortalde frå si nydelege nye diktsamling Søkk, som eg vil kome med fleire utdrag frå, trur eg (ikkje så mange at Hilde eller forlaget byrjar reagere, sjølvsagt), og helga før fordi Marit Kaldhol var gjest og las frå si nydelege diktsamling ho som ror. Dette er altså ei tilråding.

nrk.no/nettradio.

Eg har også lytta til Radiofront, der Nils-Øivind Haagensen er ny leilighetsdikter og diktar dikt til ære for programmet, så vidt eg har skjønt. Kanskje ikkje kvar gong, men iallfall ved leilighet.

6 kommentarer:

Lille søster sa...

Ja, det er mye fint å høre, bare man kommer på det. Skal høre på Marit Kaldhol snart.

Bharfot sa...

iPod har jo ikke radio uansett, så radiolengsel er ingen grunn til å skaffe én. På den annen side kan du laste ned podcaster og høre på iPoden. Så ja. Kanskje likevel.

Aina sa...

Oda:
Der ser du. Eg er skremmande lite inne i det. Men har i det minst høyrt om podcast.

kristine sa...

Etter som ukens Radiofront handler om arkiv var jeg veldig spent på hva NØH ville si om den saken, men så var det Jon Øystein Flink som var leilighetsdikter. Og jeg var nok ikke så veldig fornøyd med radioteateret hans.

Aina sa...

Ja, eg såg at det var Flink som skulle ha det. Sjefen sendte det ut på epost til alle."Sex i arkivet". Skikkeleg saftig, skulle det vere.

kristine sa...

Skikkelig platt vil jeg si.