25. september 2008

Personleg og privat

På skrivekurset i fjor sommar snakka vi om tekstar og om korleis eigne erfaringar og kjensler kan bli brukt i ein tekst, og om korleis det helst ikkje bør bli brukt - ifølgje kursleiar og forfattar Rolf Sagen, og sikkert mange andre autoritetar på feltet.

Der er ein forskjell, sa Sagen, mellom det personlege og det private. Ein forfattar kan godt tillate seg å vere personleg, bruke av eigne erfaringar, utan at dette blir oppfatta som klamt av lesaren. Men det er forskjell på å vere personleg og å vere privat. Blir ein for privat kan lesaren oppleve det som litt ubehageleg å lese teksten, som om forfattaren har avslørt for mykje av sine eigne intime forhold, lesaren blir meir oppteken av forfattaren enn av sjølve teksten, teksten blir eit dokument over forfattaren, snarare enn ei historie ein kan leve seg inn i og kjenne seg igjen i.

Ein unngår langt på veg denne problematikken når ein skriv historisk. Det er ingen som trur at eg eigentleg er Ingeborg, at eg har opplevd å bli valdteken av stefaren min og utsett for rettssystemet på 1700-talet. Derimot er det mange som trur at Agnar Mykle skreiv om seg sjølv når han skreiv om Ask Burlefot, at Tore Renberg skriv om seg sjølv når han skriv om Jarle Klepp. Og alle trur at Nils-Øivind Haagensen skriv om seg sjølv når han skriv om seg sjølv. Men med Haagensen føler eg likevel ikkje det blir klamt. Han overskrid den uskrivne regelen om å ikkje vere privat. Han drit i det, han bruker endåtil sitt eige namn og si eiga adresse i dikta sine. Han er personleg, privat, you name it, men eg føler likevel ikkje han blir for privat. Sjølv om eg som sagt aldri ville tort å skrive på same måten sjølv.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ville det ikkje vore litt fint om heile Anna var fiktiv, og NØH slett ikkje hadde opplevd det han skriv om?

kan hende er det slik?
Endrar det noko?

Aina Basso sa...

Jau, det ville vore veldig fint. Og det ville endra alt.

Anonym sa...

Du er litt naiv altså. Tror du ikke vi skjønner at Ingeborg er deg når du forteller om poetiske kjærlighetsopplevelser? ;) Om ikke alle ytre data stemmer, så gjenkjenner man det forfatternære i en tekst, det mener jeg bestemt.

Aina Basso sa...

Nei, veit du meg kva, Oda! Eg har då aldri vore forelska i ein husmansson! Hehe. Du får tenke det du vil, lesarar gjer jo det. Og det hjelper vel ikkje uansett kva eg seier.