24. september 2008

Eg forstår ikkje at han tør

Etter at eg kom heim i kveld har eg lese Nils-Øivind Haagensen skriver, som eg også lånte på biblioteket i går. Og både Enkelte dikt og Nils-Øivind Haagensen skriver handlar mykje om forfattaren og hans forhold til kjærasten Anna. Det er både inderleg, avkledd, direkte, sårt, fint, brutalt, kaldt.

Og det er klart at eg tenker: enn å bli elska slik forfattaren elskar Anna.
Det er jo nesten hudlaust. Og det er så gjenkjenneleg, så veldig gjenkjenneleg.
Og fordi det er så gjenkjenneleg, sikkert for alle, kanskje for alle, forstår eg ikkje at han tør å skrive det. Skrive så rett fram, ærleg, om noko så personleg, intimt, privat. Vere så avkledd. Og å kle av henne på den måten.

Det kan sjølvsagt vere konstruert. Men det verkar ikkje slik. I så fall er han ein dyktig konstruktør. For det verkar nesten dagbokaktig ekte. Og eg ser det han skildrar, kjenner kjenslene, opplever opplevingane. Eg les med kjenslene, med hjartet. Eg les ikkje med hjernen, koplar ikkje inn det kynisk avskrellande, analyserer det ikkje. Eg sluker det berre.

Eg forstår ikkje at han tør. Eg hadde aldri tort. Eg trur ikkje eg vil tore det, heller.

2 kommentarer:

Ida sa...

Trur det var Ingvar Ambjørnsen som da det at ein ikkje kan bli ein god forfattar før ein tør å selge mora si på torget. (eller noko i den duren der...)

Får lyst å lese den diktsamlinga, så da er det berre å klare å hugse at ein har lyst til å lese den.

Aina Basso sa...

Hehe. Då blir eg nok aldri ein god forfattar etter Ambjørnsens standard :)