24. september 2008

Skrivinga

Det er kanskje nokon som lurer på om eg heilt har slutta å skrive, no etter at boka har kome ut.
Det har eg sjølvsagt ikkje.

Men eg kjenner på ein del av desse fenomena som så mange andre også fortel om.

Fenomenet "den vanskelege andreboka"

- korleis gå vidare herifrå? kva skal eg skrive om, kva skal eg velje? korleis få til noko like bra, helst langt betre, neste gong? korleis utvikle meg? korleis skrive det eg bestemmer meg for å skrive, kva språk, kva form skal eg bruke?

Fenomenet "det er lett å byrje, vanskeleg å fullføre"

- med fem-seks påbyrja manus liggande (2 romanar, eit par diktsamlingar, ei novellesamling); kva for eitt skal eg velje? kor setje inn støytet? og når det buttar imot, korleis motivere seg for å fortsetje? korleis vite om det ein veljer å setje inn støytet på er det rette?

Fenomenet "sprettstol"

- korleis faktisk skrive? korleis setje seg ned og bli der, korleis opne dokumentet, korleis fortsetje når alt har stagnert?

Agnes Ravatn stilte meg spørsmålet i eit intervju om eg er redd for å bli einboks-forfattar.
Eg svarte soleklart nei. Eg er ikkje redd for det. Det er ikkje det eg er redd for. Det eg er redd for er å aldri meir skrive noko det er interessant for andre å lese.

3 kommentarer:

Lille søster sa...

Å, dette kjenner jeg meg igjen i! Men jeg er helt sikker på at du kommer til å skrive noe bra igjen. En vet jo aldri hvor lang tid det tar før en kommer i gang med noe. Men du kan jo slappe av litt nå, boka di har jo akkurat kommet.Og plutselig er skriveria der. Lykke til!

Avil sa...

Du kan ikkje slappe av. Du skal jo vinne Nordisk råds litteraturpris etter fjerdeboka.

Fnis.

Aina sa...

Fjerde? Så lenge til? ;)

Det er sikkert rett, det kjem når det kjem. Og det kjem jo no, òg, det er ikkje det. Men blir det bra - til slutt? Byrjingane mine er jo heilt fine, dei. Men kva med resten!?