24. august 2008

Tekstallianse 2008

I helga har det vore tekstallianse-festival på Litteraturhuset. Ein festival for dei små og uavhengige forlaga og litterære tidsskrifta, som Flamme forlag, H Press, Gasspedal, Ratatosk, Vagant og mange andre. Eg var med på ein del av arrangementa i går. Det var mykje morosamt og interessant.

Eg var på ei fin opplesing med m.a. Hildegunn Dale, og fekk ei bok av henne, Fjell-Øygarden, nyleg utkomen på H Press.
Det første diktet i boka:

Eg reiser meg og går gjennom ein frisørsalong, utan å tenkje på

korleis det konkrete heng saman i språket sin vev av blad som fell
på sjøen, lagar diskrete ringar i vatnet,

sol på rader av små bylgjer, snart bak ei sky.

Eg les at ei vidvinkellinse fanger opp eit vidare perspektiv enn vi ser
med auga, utan å snu hovudet, ein kvit bygning bøygd inn mot sidene,

krumma som jorda, folk går opp trappa.

Eit anna høgdepunkt var Simen Hagerud, som hadde mykje morosamt å fortelje om zombologi, og gutane frå tidsskriftet Kuiper, som var uslåeleg underhaldande.

Elles var det god stemning, god vin og fint vêr. Kva meir treng ein?

2 kommentarer:

Bharfot sa...

Jeg så deg, vi smilte, men du gikk fort. Hildegunn Dale var nydelig, og skriver så fint.

Aina sa...

Ja, einig!
Eg såg deg og teiknaren inne på Amalie Skram, òg. Først var eg usikker på om det var du, men då eg såg teikneblokka hans blei eg sikker.
Ser fram til innlegget ditt om Tekstalliansen!
Vi får prate neste gong :)