22. august 2008

Fjernsynsteater og Pia Tjelta nok ein gong

Dette er det beste frå heile filmen
Eg er ein ivrig filmlånar på biblioteket og denne gongen raska eg med meg tre tilfeldige filmar frå hylla på Grünerløkka filial.

Den eine skjøner eg ikkje at eg orka sjå ferdig, han var så utruleg dårleg og keisam, men eg gjorde det no likevel, akkompagnert av surfing på nettet og telefonsamtalar. Det var den norske filmen 5 løgner frå 2007, med evindelege Pia Tjelta i nok ei hovudrolle. Heller ikkje denne gongen var det skodespelarprestasjonen som var det største.

Den andre såg eg i går, og eg skjøner heller ikkje her korfor eg orka, då det frå byrjinga var tydeleg at dette var ein lågbudsjett tv-produksjon med teatralske hovudrolleinnehavarar, som eg til overmål har sett før, sannsynlegvis då eg var i rette alderen til å lese Anne Franks dagbok igjen og igjen, og denne dramatisert tv-versjonen gjekk på NRK.

Ho som spelte Anne Frank i teatralsk versjon var så underleg kjend, men det tok tid før eg klarte å plassere henne. Eg hadde ei vag førestelling om at Jane Austen hadde noko med saka å gjere, og ganske riktig: Då eg googla namnet hennar, som var Katharine Schlesinger, såg eg at det var den sjølvsame skodespelarinna som spelte i åttitalsfilmatiseringa av Northanger Abbey, med lilla augenskugge, synth-musikk og altfor mykje tåke.

Den siste av filmane ligg enno og ventar, og denne har eg litt meir tiltru til, nemleg Løven Henrik Ibsen. Etter at eg besøkte Ibsen-museet, såg Gengangere på Nationaltheatret og ein dokumentar på tv om restaureringa av leilegheita, har eg fått ei ny interesse for denne gamle fyren. Kanskje eg endåtil dristar meg til å lese noko av han. Sjølv om eg ikkje er særleg glad i å lese skodespel.

4 kommentarer:

Sesselja sa...

Jeg er også en ivrig tilhenger av biblioteket, både til lån av bøker og filmer. Det er genialt! Jeg får en mail hver gang det lokale biblioteket får inn en ny film; jeg kan låne den gratis (på bibliotekene i England måtte jeg betale for lån av filmer og musikk); og jeg kan ha den hjemme i ei hel uke. What's not to like, for må si det på klingende nynorsk.

Aina sa...

Ja, det er herleg! Eg liker biblioteket!

Caroline sa...

hvilket år er den Anne Frank serien fra? i den nye Anne Frank serien skal Felicity Jones som spilte Catherine Morland i 2007 spille Margot Frank så det var litt av et sammentreff:)

Aina sa...

Ja, det var eit morosamt samantreff! Meiner denne serien var frå 1987, året etter ho spelte Catherine Morland med lilla augneskugge, med andre ord :)