18. august 2008

Litterær oppdatering

I natt las eg ut Harry Potter and the Half-Blood Prince.
Det skulle eg ikkje gjort. Eg skulle lagt meg til å sove i staden. Men det gjorde eg ikkje, og slik er det med den saka.

No ligg i all hovudsak to bøker på nattbordet mitt.
Lesesirkelboka for september, Selma Lagerlöfs Gösta Berlings saga, er innkjøpt og så vidt påbyrja, og dagboka til den same forfattaren som nydeleg fjorten-åring er snart utlesen.
I nattbordskuffa ligg Americana og støvar ned - inntil vidare. For eg skal lese henne ferdig. Eg må berre lese litt andre ting først. Som Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige, som eg også kjøpte i helga, og den siste Harry Potter-boka, - and the Deathly Hallows.

På skrivefronten er det òg aktivitet. Både med omsyn til den nyleg utkomne romanen, som det visst er ørlite diskusjon om i bokhandlane, om skal vere plassert i vaksen- eller ungdomshylla (og til det kan forfattaren seie: gjerne begge stader - boka passar etter mi meining vel så godt for vaksne som for ungdom), og med omsyn til det som kan bli den neste romanen, eller kva ein no skal kalle det. Noko er iallfall er under skriving.

Det vankar òg intervjuførespurnader, og det er sjølvsagt veldig kjekt. Så er det berre å vente og håpe at det renn inn ein og annan omtale.

4 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Jeg regner med at du holder leserne orientert om intervjuene?

Aina Basso sa...

Eg reknar med det kjem eit nytt intervju på www.bokogsamfunn.no mot slutten av veka. Eg lenkar nok til det herifrå.

Anonym sa...

Så, du leser Harry? Får du noe utav det? Jeg turnerte med et foredrag om fantasilitteratur for noen år sida, og da leste jeg Rowling av profesjonelle årsaker. Jeg må innrømme at bøkene ga meg såpass lite at jeg ikke gadd fortsette lesningen av serien når jeg ga meg med foredraget.

Kanskje du kan gi meg noen gode grunner til å lese den ferdig? :)

Aina Basso sa...

Ja, eg les Harry. Og det er ikkje første gongen eg les bøkene, heller. Eg trur ikkje noko eg kan seie vil få deg til å like bøkene. Anten liker du dei, eller så liker du dei ikkje, og sånn er det nok med den saka :)