19. august 2008

Dagbok for Selma Ottilia Lovisa Lagerlöf

Eg har lese dagboka til den fjorten år gamle Selma Lagerlöf frå 1873. Grunnen var dels at vi les debutromanen hennar Gösta Berlings saga i lesesirkelen no, og dels at omslaget på dagboka var så vakkert og lokkande.

For alle som la sin elsk på Anne fra Bjørkely i sine yngre år vil denne dagboka vere som eit kjærteikn. Forteljarstemma til den unge Selma er veldig fin, og observasjonane og tablåa ho set opp både interessante og spennande. Allereie som fjortenåring hadde ho eit godt utvikla forteljartalent, noko det er interessant i seg sjølv å få sjå.

Boka appellerer til meg på fleire plan. På den eine sida fordi det er eit innblikk i ei ung jente som seinare skulle bli ein stor forfattar. På den andre fordi det er ei ekte og spennande kjelde til ein historisk epoke. I tillegg er eg fascinert av det unge sinnet, menneskesinnet i brytningstida mellom barn og vaksen. Når dette unge sinnet i tillegg snakkar til oss frå ei anna tid, blir det berre endå meir interessant. Kven har ikkje lurt på korleis fjortisane var på slutten av attenhundretalet?

No skal eg bruke tida fram til midten av september på å lese denne fine jenta sin debutroman, som kom då ho var blitt nokre år eldre, i 1891.

Ingen kommentarer: