21. august 2008

Les og les

Som de ser av rubrikken til høgre, les eg berre fleire og fleire bøker for tida. Samtidig.
Heilt veleigna er det ikkje, men det fører i det minste til at eg ikkje tek meg tid til å sjå på tv.

Dei nyaste tilskota er to unge forfattarar på Samlaget, som eg blei så nyfiken på etter lanseringa. Hilde Myklebust har denne hausten kome med si andre diktsamling, Søkk, og eg har byrja med hennar første Berre dagar seinare. Øystein Vidnes debuterte med noko som verkar å vere ei kryssing mellom noveller og roman, Bondeforteljingar. Han har seinare gitt ut romanen Ekstasar, og er i tillegg ein flink grafisk designar, som m.a. har laga Samlagskatalogen for året og fjoråret.

Der er fleire nye kjenningar på den mentale leselista. Nokre har eg lese før, andre er heilt nye namn, både for meg og omverda, kan hende. Viss eg skal seie noko om kva som har prega lesinga mi det siste året, så må det vere at eg har hatt ein hang til å lese debutbøker. Sikkert ikkje så rart. Eg vil sjå kva andre har debutert med, for så å sjå kor dei har gått vidare. Sjå på det som læring.

Ingen kommentarer: