Der er eit gult lys
i fjøsen om kvelden
Over glaskuplane
ligg eit tynt lag
av pust og ullfeitt
Tippoldefar byggjer fjøsen
Han legg mørtel mellom steinane
og smir trenaglar med tollekniven
Oldefar sit på hoggestabben
Han skriv med kløyvde blyantstumpar
Farfar kardar hesten i lange tak
Far står i fjøsdøra
Lutar seg mot greipa
og lyder mot fjella
Dei ser meg kome
og legg frå seg arbeidet
Frå Hilde Myklebust: Berre dagar seinare (2005)
24. august 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Berre dagar seinare er ei nydeleg diktsamling!
Enig, den er veldig fin. Gleder meg til å lese den neste.
Eg òg. Og det blir nok ikkje så lenge til!
Legg inn en kommentar