9. juli 2008

Og Fosse

Eg kjende brått at det var tid for Fosse.

Kva betre bok å ta med ut på ei øy i frisk bris enn Fosses diktbok Auge i vind?
Ho står der jo, i hylla mi. Smal og lokkande. Og handlar kan hende om båtar og om Vågen Fosse så ofte skriv om. Om gamle fiskarar, hav og vind. Og som denne bokmeldaren seier, regn:

Auge i vind (2003) er den femte diktboka til Jon Fosse. Tittelen har han tjuvlånt frå seg sjølv, frå eit dikt i Nye dikt (1997). Fundamentalt nye går det neppe an å kalle dikta i årets bok. Snarare er dikta eit framhald og vidare arbeid med ord og motiv som har vore til stades i alle diktbøkene hans. Ord som engel, gud, bølgjer, båtar, regn, vind og fjord går igjen. Gud er ikkje ny i diktinga til Jon Fosse. Gud var stort tema i debutboka hans (1983), og Gud var med i den første diktboka hans (1986). Englane var også med. Og regnet. Folk regnar ned i dikta til Jon Fosse slik dei snør ned i diktinga til Tarjei Vesaas.

Frå ein bokomtale av Atle Christiansen, Dag og Tid, 5. april 2003.

6 kommentarer:

leselama sa...

Fosse er vi utrolig nok utrolig enige om! He, he.
Fosse er en favoritt. Fosse er bra. Fosse når fram og berører.

Selv har jeg alltid tenkt at det er så mange hunder og så mye stein i tekstene hans. Men det er sant - det er mye regn også. Og ensomhet og stillhet. Passer i grunn veldig godt veldig ofte, Fosse. Når man tenker over det.

Aina sa...

Næh! Er det sant!?
Hehe. Hadde nesten ikkje venta vi skulle ha ein einaste f.f.(Fosse: felles favoritt)!

Eg har ikkje tenkt over hundane, men stein er der jo, og fjord og alt det som bokmeldaren nemner. Det er ikkje sikkert der har vore nokre hundar i dei bøkene eg har lese.

leselama sa...

Han har jo et par diktsamlinger med hund i tittelen: "Hundens bevegelser" og "Hund og engel". Dessuten en novelle om en hund som ble drept - "Og så kan hunden komme" tror jeg den het...

Mulig Fosse hadde en "hundeperiode" på begynnelsen av 90-tallet og at den er over nå?

Aina sa...

Hundeepoken hans, ja? Jaudå. Han byrja med Gud og gitar-epoken, så var det hundar, og no er det båtar og vatn. Har ikkje alle forfattarar slike epokar?

leselama sa...

Det kan sikkert være alle forfattere har slike epoker uten at jeg har lagt spesifikt merke til det. I så fall er fenomenet mer tydelig hos noen enn hos andre, synes du ikke? Kombinasjonen Gud og gitar får meg alltid til å tenke på Bjørn Eidsvåg - uten sammenligning forøvrig. ;-)

Aina sa...

Hehe :)

Det var ikkje heilt seriøst meint, men spøk til side, så trur eg absolutt at både forfattarar og andre kunstnarar har ulike periodar der dei har nokre favoritt-tema dei jobbar med.