9. juli 2008

Medan vi snakkar om dikt

men eg liker omslaget
så blar eg for tida i to diktbøker.
Eg har lånt dei på biblioteket. Eg har gått langs velfylte lyrikkhyller og stilt late meg overvelde.
Det var to bøker som fanga fingrane:

Ålesundspoet Nils-Øyvind Haagensens bok 23 dikt om kvinner og menn og en desperat forklaring, og den evige Tarjei Vesaas og hans Dikt i samling, for øvrig forfattaren som på nittitalet utan å vite om det sjølv fekk meg til å skrive setningar som "han byrjar springe", i staden for "han byrjar å springe", og ord som "mørker" og "svevn" i staden for dei noko meir moderne og meir brukte variantane. Ein hang det viser seg at eg deler med den gode Fosse.

Men dikta har ikkje soge meg inn i seg.
Haagensen sine er for enkle, for inkjeseiande, små tekstar der det forfattaren no enn måtte tenke akkurat der, ved bordet, på stolen, idet han skriv, blir vidareformidla til lesaren i bokform utan at eg, som lesar, trenger gjennom det, eller får noko som helst utav det.

Og Vesaas? Kanskje er eg for moderne for Vesaas. Ikkje for prosaen hans, men for grantrea, naturlengten, romantiseringa av det heimlege med dets slit og kav og tungskap, i poesien.

Det er ikkje lett med lyrikk.
Noko treffer deg så du dett av stolen.
Noko set du tilbake i hylla med ei rynke på nasen.

2 kommentarer:

Jarle sa...

Er ingen stor Vesaas-kjennar, men synest at nokre av dikta frå "Liv ved straumen", siste samlinga, gjeven ut 1970, det året Vesaas døydde, er skriven av ein mann som er ung til sinns. Eg siterer eitt:

Sol-eld i gardina

Sol-eld i gardina
i junimorgonen.
Klokka er seks.
Sola er på baksida av huset
i denne gledelege tid.

Glas-sprossene lagar
svarte krossar i solelden,
men pytt med det.
Radioen på nattbordet
syng Evert Taube:
”Flickan i Havana,
hon har inga pengar kvar”.

Gårsdagens soling
lyser og brenn i skinnet.
Litt for sterkt, men herleg.
Ny dag i dag, med soling
av vinterskrotten.
Fullt program.
Angande, spirande gras
og fuglesong,
lette skyer, vatn og lykke.
”Vill du bli mitt hjärtas kung?”

Stopp, stopp. Opp og ut.
Til Taube, til alt som lever.
Til junidagen.
Svidast av eld-hjulet.
Vridast or vinterhammen.
Opne seg for lange ferder.
Vinland hitt goða?

Nei nei.
Leiv Eriksson er du ikkje.

Ingen sjøsjuke.
”Sjung av hjärtat. Sjung”

Aina sa...

Takk for nok eit flott dikt, Jarle.

Einig med deg.