24. juli 2008

Leseprosjekt

Der er særleg to forfattarar eg har sett meg som mål å lese alt av, iallfall alt det skjønnlitterære, iallfall alle romanane. Desse to forfattarane er Virginia Woolf og Dag Solstad.

Sjølvsagt er der også andre forfattarar eg er nyfiken på, og vil lese langt meir av, som Jon Fosse, Paal-Helge Haugen, Doris Lessing, Sigrid Undset, Carl Frode Tiller, Lars Saabye Christensen og Dorothy L. Sayers, for å nemne i fleng og av ymist slag, men det er ingen av desse eg set meg som mål å lese alt av. På eit generelt plan vil eg påstå at der er yttarst få forfattarar det er interessant å lese alt av, men for meg er Virginia Woolf og Dag Solstad to av dei eg hittil har oppdaga som er verdt det.

Av Virginia Woolfs produksjon gjenstår mykje. Hittil har eg einast lese tre av bøkene hennar; Mrs. Dalloway, To the Lighthouse og Flush, i tillegg har eg sett filmatiseringa av romanen hennar Orlando. På den umiddelbare leselista står The Waves og A Room of One´s Own, som ein skulle tru vil vere av avgjerande betydning for einkvar forfattar i startgropa, då sistnemnte bok nettopp handlar om det å vere forfattar.

Dag Solstads bøker har eg lese langt fleire av. Eg har i dag fullført den nest siste, 16.07.41, og har tidlegare lese Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman, Professor Andersens natt, T. Singer, Roman 1987, Arild Asnes, 1970, Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land, Ellevte roman, bok atten, samt delar av debuten og novellesamlinga Spiraler frå 1965. For nokolunde umiddelbar tur står Genanse og verdighet, Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige og Irr! Grønt!

Kva som gjer at det er nettopp desse to forfattarane eg har bestemt meg for å lese alt av, er ikkje vanskeleg å forklare. Virginia Woolf fordi sjølve skrivemåten hennar er så enormt fascinerande handverksmessig, fordi dei psykologiske innsiktene er prega av klokskap, fordi ho utfordrar romansjangeren, og står som eit lysande førebilete, som eg aldri kjem til å prøve å etterlikne, men å lære av, - som inspirerer til sjølv å forsøke å utfordre form og språk og innhald.

Dag Solstad gjer også på sitt vis noko av det same som Woolf, ved at han òg i stor grad utfordrar den tradisjonelle romanen, ved å nekte å fortelje historier, ved fråvêret av eit plott, ved den sterke og til dels sjølvbiografiske nærveret i sin eigen tekst. Han er i tillegg ein av Noregs mest intelligente forfattarar, og det i seg sjølv gjer tekstane hans verdt å lese, mellom anna på grunn av dei refleksjonane og innsiktene lesaren får ta del i. Heller ikkje Solstad kan eller bør etterliknast. Generelt vil eg vel seie at ingen som skriv gjer lurt i å forsøke å etterape ein annan, ein feira forfattar, men forsøke å finne si eiga stemme, sin eigen stil. Men ein kan lære av andre, ein kan få idear til nye måtar å skrive på, ein kan bli inspirert til å følgje nye og spennande vegar.

Det er som dei seier: Les, les, les, og skriv, skriv, skriv!

6 kommentarer:

cox sa...

Innlegget gjør meg nysgjerrig: Har du lest ALT av noen andre forfattere?

Aina sa...

Eit godt spørsmål!
Og eitt eg dessverre må svare nei på. Det vil seie, eg har jo lese alt av fleire forfattarar som berre har gitt ut ei eller to bøker, men det var vel ikkje akkurat det du var ute etter.

Eg har lese alle romanane til Agatha Christie, omtrent 80 stk, men manglar nokre novellesamlingar, samt sjølvbiografien hennar. Desse finst heller ikkje på norsk, så vidt eg har skjønt.

Eg har elles lese romanane til Agnar Mykle og hatt som mål å lese rubb og rake, han var ein stor helt. Eg er no i gang med å lese alt av Iain Pears, som er ein favoritt innan historisk roman- og krimsjangeren, og det same gjeld Jasper Fforde, som rett og slett skriv så fabelaktig underhaldande for slike bokormar som oss, at eg berre MÅ ha meir!

Kva med deg?

kristine sa...

Jeg kjenner et veldig sterkt behov nå for å lese alt av Sigrid Undset. Vi får se hvor lenge det varer

Aina sa...

Har du lese noko meir, så langt? Eg lengtar etter å lese oppigjen Jenny, kjenner eg. Men er også interessert i det andre ho har skrive.

cox sa...

aina: Tror jeg har lest det meste av Hamsun, Bjørneboe og Eidem. Av de utenlandske har jeg lest det aller meste av Kafka, Greene, Ian Fleming, Philip Roth og Vonnegut.
Når jeg tenker etter, har det vært en rar blanding.

Aina sa...

Hehe, det blir ofte det, med meg også. Det er fordi vi er så allsidige, det, veit du :)