28. juli 2008

Snikkikk

Bading i festivalfjøra
[Snik-kikk, ikkje snikkikk (som i "ikke"), sjølvom sistnemnte feillesing er slike små opplevingar eg alltid veit å setje pris på]

Laurdagens store Sommarfest på Giske var ein kjempesuksess. Banda spelte frå 13-03, det var barne-tv-underhalding, ballongdyr-knyting, andletsmaling, triksekonkurranse og skate-rampe for dei yngste, gratis mat i bøtter og spann for alle, og seinare ein durabeleg fest for dei eldste.

Dagen var perfekt. 24-25 grader, strålande sol, blenkande hav, grøne marker, god og variert musikk (frå lokale amatørar, til Real Ones, Maria Mena, The Margarets, Robert Post, og utanlandske flinkingar som t.d. britiske Little Fish, som fekk publikum til å koke), mykje kjentfolk og rundt 5000 besøkande til Noregs einaste gratisfestival.

Sjølv hadde eg mi første opplesing frå Ingen må vite, og kunne slik by på ein liten snikkikk for dei som høyrte på anten på festivalområdet eller på den direktesendte nett-tv-sendinga på smp.no. Lesinga gjekk veldig bra. Vi var fire som las. Eg byrja, las tre scener frå boka, deretter var det Arild Traa, Marit Kaldhol og Ronnie M.A.G. Larsen, i den rekkefølgja. Kjempekjekt! Og fint å ha lese-debuten overstått.

Eg har forresten også hatt ein liten snikkikk på ein annan front denne helga. Det skjedde då eg hadde fullført 16.07.41 i solsteiken på balkongen, var sugen på meir, og kvilelaust gjekk på leiting etter lesestoff. Eg hadde fire ulesne krimromanar i kofferten, men det freista ikkje. Ikkje akkurat då. Eg hadde vore i Solstads og Fosses univers den siste veka, og ville helst ikkje reise derifrå. Men far min har sjølvsagt ikkje nokre bøker i den sjangeren. Solstad omtalar han noko nedlatande som ein fordums røde-gardist og Fosse veit eg han ikkje ville fengast av. Det næraste eg kom, var Mors og fars historie av Edvard Hoem, ei bok eg har tenkt at eg kanskje skulle lese. Eg plukka opp boka, gav henne ein halvtime, men la henne nedigjen. Ein liten snikkikk var nok til å fastslå at det ikkje var ei bok for meg - iallfall ikkje der og då.
Når eg blir eldre, kanskje.

2 kommentarer:

kristine sa...

Gratulerer med vel overstått opplesning!

Jeg hørte Mors og fars historie på lydbok for et drøyt år siden. Den var grei. Og det er egentlig et stort kompliment ettersom jeg jo er meget skeptisk til annen verdenskrigs sentimentalitet.

Aina sa...

Takk!

Fekk også inntrykk av at boka er heilt grei, men var ikkje i humør til heile denne indremisjons-settingen. Blei for keisamt.