23. juli 2008

Auge i vind

Eg plar like det Jon Fosse skriv om gamle menn. Slik også her, frå Auge i vind:

ein gammal mann
tar opp ein song
som er han sjølv
og sit der med den i fanget Reiser seg Tømmer eit oskebeger
og held fram
med å stulle rundt songen sin Han kveikjer nok ein røyk
Han myser over fjorden
Han ser mot biletet på kommoden Han nikkar mot biletet
Han lyfter
den eine handa
og slår jamne halvsirklar i lufta Han reiser seg

Fjorden utanfor vindauget forandrar seg heile tida
Fjella er der alltid
men aldri er dei dei same Dei er
og dei er ikkje
som alt anna Ei hand held hand i mørkret
og alt er så lenge sidan
og alt er nett no Han snur seg i sin kjærleik

og han ser eit andlet usynleg i stova
som så ofte før Han nikkar mot andletet Han set seg ned
Han faldar
hendene i fanget

1 kommentar:

Elin sa...

Så flott dikt!