22. juli 2008

Dagens fangst

Det eg liker aller best med små, amatørdrivne brukthandlar i relativt små byar, er for det første prisane (eg er då sunnmøring) og for det andre utvalet.

I dag fann eg tre bøker av den New Zealandske gullalder-krimdronninga Dame Ngaio Marsh, og ei bok av den britiske ditto, Dorothy L. Sayers, begge samtidige med Agatha Christie og forfattarar i same sjanger. Til saman måtte eg betale heile kroner tjue for dei fire bøkene.

Titlane er som følgjer:
Dorothy L. Sayers: In The Teeth Of The Evidence
Ngaio Marsh: Fødselsdagsmordet, Colour Scheme og Died In The Wool.

Eg har tidlegare forsøkt meg på Ngaio Marsh, utan hell - Died In The Wool fenga ganske enkelt ikkje. Men eg har bestemt meg for å gi henne ein sjanse til, og fem kroner boka kan eg jo ofre.

4 kommentarer:

Anonym sa...

For en ufattelig tøff forside av boka! Og så moro å finne noe du liker på den måten. Kos deg! :)

Aina Basso sa...

Ja, denne var veldig tøff. Forsida på utgåva eg kjøpte var like tøff, men den fann eg ikkje på nettet.

kristine sa...

Morsomt med bruktbokfangst.

Jeg likte novellen "In the teeth of evindence" og jeg likte navnet Montague Egg, men generelt er nog romanene til Sayers bedre.

Aina Basso sa...

Ja, det er alltid gøy!

Eg liker nok best romanane, sjølv, òg, men skal lese denne også. Av og til er det genialt med noveller. Vil forresten at du skal låne "Fødselsdagsmordet" av Ngaio Marsh, som eg les no. Overraskande bra så langt!