Men omslaget er jo fint
Eg har berre ti sider igjen av månadens lesesirkelbok, The White Castle av Orhan Pamuk.
Lesinga denne gongen har gått umenneskeleg treigt, så treigt som eg nesten ikkje kan hugse at noko har gått før. Eg skuldar ikkje utelukkande på boka. Eg trur ikkje eg har hatt det tilstrekkelege tolmodet og energien til å bruke tid på å lese ei bok som kjennest meiningslaus og lite medrivande, og at dette tolmodet og denne energien må vere der når ein skal kome seg gjennom ei bok som The White Castle, iallfall dersom ein har same smak som eg.
Her er ei kort innleiing om boka:
Tyrkia, 1700-tallet. En ung italiener blir tatt til fange av sjørøvere, og solgt som slave i Istanbul. Kjøperen er en lærdomsbesatt fantast som er oppsatt på å skaffe seg kunnskap om de siste vitenskapelige fremskritt i Vesten. Det utvikler seg et eiendommelig forhold mellom slave og eier. De ligner hverandre i den grad at de av andre oppfattes som dobbeltgjengere. Det egger dem, og skremmer dem.
Og kva er ankepunkta? For det første synest eg ikkje skrivestilen fungerer. Han er for refererande, det er for lite dialog, han kjem seg gjennom tiårsbolkar i ei setning (a la "dei neste ti åra sat vi ved bordet og jobba med å utvikle våpenet vårt"). For det andre interesserer ikkje temaet meg - til trass for at eg trudde det ville det før eg byrja lesinga -, og eg trur ikkje verken på karakterane eller situasjonen dei er i. Det var ganske enkelt keisamt og temperaturlaust.
Eg har no som sagt ti sider igjen av siste kapittel, men har inga tru på at desse siste sidene vil endre mitt syn på boka. Og når det gjeld tittelen, så kjem det fram relativt godt på side 128-129 (i den engelske versjonen) kva tittelen refererer til, kva som er metaforen. Og det er heller ikkje verken særleg djupsindig, engasjerande eller overraskande.
Eg ser fram til å diskutere denne på det neste lesesirkelmøtet, som kanskje blir allereie i morgon.
16. juni 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar