16. juni 2008

Noko som flyt

Eg kjenner at eg treng noko lett, noko som flyt godt, etter å ha brukt all boklese-tida mi den siste månaden på å kjempe meg geispande gjennom Orhan Pamuks The White Castle.

Så er spørsmålet: Kva skal eg velje?
Eg tenkte først eg skulle gå på skattejakt i eigne hyller, og tankane gjekk uunngåeleg mot ei gjenlesing av ei av dei utallige Agathe Christie-bøkene eg har akkumulert gjennom åra. Men så tenkte eg at eg kanskje skulle nytte høvet til å lese ei anna bok, ei heilt ny bok, kanskje ei som står på leselista mi.

Det står no mellom desse vala:
Krinsereglane av Edmund Austigard (heime i bokhylla)
Veke 53 av morosame Agnes Ravatn (biblioteket/ bokhandelen)
Tyl av Finn Tokvam/ Halvor Folgerø, som eg har høyrt er kjempemorosam (biblioteket/ bokhandelen)
Eller noko auget fell på i bokhylla på biblioteket eller i bokhandelen.

Det neste alternativet er krim, helst av den gode, gamle sorten.
Krimbøker har eg mange av heime, kjøpt på diverse sal, med ein tanke om at det kan vere "kjekt å ha" om ei påske skulle dukke opp (eg held på gode, norske tradisjonar), men eg har ikkje bøker som står lysande i hyllene, og som eg rett og slett gler meg til å ta fatt på. Heller verkar dei halv-keisame og lite originale.

Her må eg altså stø meg på biblioteket, som eg veit har ein del Dorothy L. Sayers og John Dickson Carr, men kanskje ikkje særleg av Patricia Wentworth eller Margery Allingham. Det er også eit alternativ å stikke innom eit antikvariat og gå amok i pockethyllene deira.

Elles bestemmer eg med herved for å legge Svanevinger i nord på hylla (iallfall for no), men å fortsetje med Don DeLillos merkeleg fascinerande, og veldig amerikanske (skulle ein tru), Americana. For sommaren har eg igrunnen berre to bøker på min mentale plan:
Eg vil lese ferdig Offa - forteljingar frå ei øy av Ronnie M.A.G. Larsen, før eg reiser heim på ferie i juli, og eg vil feire ferieavreisedagen ved å byrje og lese ei bok med same dato (som også er datoen for forfattarens fødsel), nemleg 16.07.41 av Dag Solstad.

Ingen kommentarer: