16. juni 2008

Gode titlar

Titlar er, som eg før har snakka om, noko eg synest er veldig vanskeleg. Anten blir dei altfor poetiske for innhaldet dei skal representere, eller så blir dei for tørre og informative.

Kapitteltitlar har eg berre gitt opp, eg synest aldri eg finn ein god nok tittel til å forsvare at der skal vere ein. Ein god kapitteltittel skal nemleg, etter mi meining, vere til ettertanke og helst gi ein ny dimensjon til kapitlet, etter ein har lese det, i tillegg til å kunne representere heilskapen i ei tekstleg eining. Titlar på bøker er endå verre. Denne gongen (les: det som kanskje blir neste bok) har eg ingen tittel. Eg har ein informativ prosjekttittel, men ingen skjønnlitterær. Eg har, etter arbeidet med Ingen må vite, funne ut at det like gjerne kan vente. Det er fleire som skal ha eit ord med i laget til slutt, likevel, så eg kan like gjerne belage meg på å lage fleire alternativ eg ikkje knyter meg nemneverdig til, som det kan bli stemt over mot slutten, dersom boka skulle bli ein realitet.

Men nokre forfattarar ser ut til å meistre dette med titlar. Særleg Frode Grytten, av samtidige forfattarar, vil eg seie. Titlar som Bikubesong og Flytande bjørn får eg meg til å kjenne ein lengt etter noko, som etter ein storby i det fjerne, får meg til å vente store ting av det eg les. No har eg ikkje lese verken den eine eller den andre, etter at eg høyrte Popsongar på lydbok utan å bli riven med, noko som kan ha med lydbokmediet å gjere, og ikkje med sjølve teksten. Men eg har Flytande bjørn i hylla, og ho skal lesast. Tittelen er for god til å la det vere.

Ingen kommentarer: