2. juni 2008

Lesinga si historie

Mi venninne Kristine er veldig glad i brukte bøker.
Eg forstår godt kva ho meiner.
Eg gjengir her nokre fine setningar frå ein mail eg nettopp fekk frå henne, som så fint illustrerer forskjellen mellom nye og brukte bøker:

(...) brukte bøker har sin egen historie. Jeg liker at bøkene er brettet på et bestemt sted, at leserene har satt sitt merke på lesingen. En slik historie får man ikke i nye bøker.

Eg liker at venninna mi set pris på desse tinga. At ho liker merka tidlegare lesarar har sett etter seg i dei gamle bøkene ho kjøper på loppemarknader. Ei setning understreka med kulepenn, noko skrive i margen med blyant.

Det kan gi nye opplevingar for ein ny lesar, rette blikket vårt mot andre ord og formuleringar enn vi kanskje ville gjort om vi las heilt utan hjelp.

Før likte eg ikkje bøker det var skribla i. Likte ikkje restane etter sjokolade som klistra saman bibliotekboksidene. Likte ikkje den forstyrrande understrekinga av overivrige lånarar som eg følte ville tvinge på meg meiningane og opplevingane sine.

Annleis har det vore med brukte bøker. Då er det ikkje ein lånar som har tatt seg fridomar i offentleg eigedom (ein smule pedantisk kan eg mulegvis vere), men ein inspirert lesar som har flomma over av inntrykk og berre måtta ta eit lite notat til seinare.

Samtidig har eg alltid likt lukta av ei heilt ny bok. Nyinnkjøpt, ulesen, med meg som den første som opnar henne. Bøker er igrunnen bra uansett.
Bøker er magiske opplevingar.

1 kommentar:

kristine sa...

Jeg synes også det er ufint med søppel i biblioteksbøker, men liker at bøker fra antikvariat og loppemarked har sin historie. Vet ikke om det har noe med forhold til offentlig eiendom å gjøre, men det har kanskje med antallet mennesker som har vært innom boken.