2. juni 2008

Eg fekk betale med kort

I helga brukte eg for første gong min nyvunne status som forfattar (merk at eg alltid må kursivere dette ordet; til vanleg bruk er ordet for nytt og uvant) til å handle rabattert litteratur på Forlagas kontaktutsal på Norli i Universitetsgata.

Det var litt kult. Eg skal innrømme det.
Eg nytta høvet til å endeleg skaffe meg Offa - forteljingar frå ei øy, av samøying Ronnie M.A.G. Larsen, som forøvrig har fått veldig god omtale fleire stader. Eg fekk også ei liste over kva forlag som er med i ordninga, og det såg ut til å vere dei fleste norske av ein viss storleik. Det vil seie at eg herved får kjøpt omtrent all norsk og omsett litteratur med 25 % rabatt.
Skal ikkje kimse av det!

Ingen kommentarer: