5. juni 2008

Forfattar = fotgjengar?

I siste nummeret av Dag og Tid blei Ragnar Hovland heidra med ein liten artikkel av Agnes Ravatn, fordi han er blitt heidra med ein ny pris.
Eg synest han stadig vekk får prisar, og det er sikkert vel fortent.

Journalisten (Ravatn) spurte kva han skulle bruke pengane til (implisitt ligg at han nok fekk ein pris pengar), og då svarte han, til mi nokså store overrasking, - ny bil!
Deretter la han til at han syntest han måtte vere ei motvekt til andre forfattarar, då det visstnok skal vere så mange forfattarar som ikkje har lappen.
Eg er ei av dei.

Og då lurte eg på kva som er grunnen til at det er så mange forfattarar som ikkje har lappen? Er vi meir pysete enn anna folk? Meir miljøvenlege? Har vi dårlegare råd? Eller er det noko ideologisk/ idealistisk som ligg bak?
Eg kan ikkje svare. Eller, det vil seie, eg kan berre svare for meg sjølv.

Grunnen til at eg ikkje har lappen er nemleg
1. At eg ikkje tok meg tid til det då eg var i den rette alderen, altså for omlag ti år sidan
2. At eg er ei massiv pyse

Men eg skjuler meg bak at eg er meir miljøvenleg, og uansett ikkje treng bil, sidan eg kan gå til jobb og bur i ein stor by med godt utbygd kollektivtilbod. Eg plar også seie at eg nok kjem til å skaffe meg lappen ein gong i framtida, kanskje den dagen eg endeleg gjer alvor av å flytte ut til det vesle, gamle huset på den forblåste vestlandsøya eg heile tida fantaserer om.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Hva om forfattere er mer drikkfeldige enn folk flest? Da skal vi bare være glade for at de ikke har lappen!

Aina Basso sa...

Med "folk" meiner du alle andre enn musikarar, då, eller? :)

Kanskje du har rett. "Har du øl innabords, ikkje stå til rors", eller noko slikt. Hadde ikkje det vore eit fint slagord for "Kvinner bak rattet"?