5. juni 2008

Marknadsplanlegging

I går fekk eg e-post frå marknadskonsulenten for skjønnlitteratur i Samlaget. Nokre av dykk bokbloggarar har nok høyrt frå henne før, i samband med siste boka til Edmund Austigard, som fleire av oss las og omtalte.

Marknadsavdelinga vil at eg skal kome med innspel til stader der eg trur det kan vere muleg å marknadsføre boka, og som ivrig litteraturbloggar, tenkte eg sjølvsagt på mine medbloggarar som les og skriv om bøker. Eg har difor gitt nokre namn vidare, men eg håper ingen kjenner seg forplikta verken til å ta imot, lese eller gi ein omtale - god eller dårleg. Eg håper heller ikkje at nokon kjenner seg utelatt. Dersom du er ein litteraturbloggar som har lyst til å få eit gratis leseeksemplar av boka mi når ho kjem til hausten og trur du ikkje står på lista, kan du jo gi meg eit vink, så skal eg få sett deg også opp med det same.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Er det ikke flott? Å skrive boka og så se andre bry seg om den, ville selge den, spørre deg om hjelp til å få den ut der; i den store verden!

Fin måte å innlede sommeren på! Lykke til!

Aina Basso sa...

Takk for det! :)
Det er jo gøy, alt saman! Men ein del jobb er det også. Kanskje spesielt no på slutten, før boka skal i trykken. Ein del korte fristar.

Unknown sa...

Hei!

Eg har tenkt at eg skulle skriva ein bokomtale til medlemsbladet til Noregs Mållag, så eg vil gjerne ha eit eksemplar.

Dersom du har noko tid ledig fyrste veka i november, skal me ha nynorsk barnelitteraturfestival på Stord - det hadde vore fint om du ville lesa litt frå boka di der, og presentera henne saman med andre forfattarar på "bokhausten"-arrangementet vårt.

Helsing Hege Myklebust (leiar i Noregs Mållag)

Aina Basso sa...

Så flott!
Sjølvsagt skal du få boka.

Og eg vil gjerne kome til Stord. Så langt fram har eg ikkje lagt planar, uansett, så det ser ikkje ut til å bli noko problem. Takk for invitasjonen!

Anonym sa...

Åh! Jeg vil lese, jeg vil lese!

Aina Basso sa...

Så bra! Det skal du sjølvsagt også få.

Unknown sa...

Du skal sjølvsagt få ein meir formell invitasjon òg. Det er kulturkontoret i Stord Kommune som spør formelt, og gjer avtalar med forfattarane, men eg er leiar av programkomiteen.

Det blir stas!

Aina Basso sa...

Det høyrest bra ut!
Kjekt å få vere med på slike ting. Har høyrt det er ein relativt ny festival?