11. april 2008

Skråninga

Aprils lesesirkel-bok var Carl Frode Tillers debut-roman Skråninga, som kom i 2001, og som vart rekna for å vere ein sterk debut. Skråninga fekk m.a. Tarjei Vesaas´ debutantpris då ho kom, og Tiller er seinare blitt nominert til Nordisk Råds litteraturpris for sin siste roman Innsirkling, som han også fekk Brageprisen og Kritikerprisen for i 2007.

Det er altså ein betydeleg forfattar det er snakk om, og ein oppsiktsvekkande debut.
Det er difor frykteleg synd at dårleg språkvask og korrekturlesing verkar skjemmande og irriterande, sjølv på ein lesar som ikkje - som eg - har nynorsk som hovudmål.
Det må presiserast at dette er forlagets oppgåve. I forvaltinga av den (ny)norske skriftkulturen har forlaga særskilt ansvar for å kvalitetssikre det dei utgir. Dette blir diverre ikkje alltid gjort, verken med nynorsk- eller bokmålslitteratur.

Det butta altså imot i lesinga. Og det hadde ingenting med verken den kunstnariske sida av teksten, tematikk, litterære grep eller språklege verkemiddel å gjere. Tvert imot var boka, når ein klarte å skyve irritasjonen over skrivefeil og inkonsekvens (byrjar og begynte om kvarandre, toler og tåler) til side, veldig spennande og med ein sterk driv.

Boka er delt i to delar. I første del får vi presentert ei historie sett frå farens synsvinkel. Denne delen er ikkje så lang, men presenterer familiemedlemmane, og teiknar opp konfliktene og utfordringane denne familien står overfor. Andre del er skriven i eg-form av det som viser seg å vere yngste son i familien, og gjennom ein nedskriven assosiasjonsstraum blir historia til hovudpersonen og hans familie avdekka, litt etter litt.

Forfattaren bruker eit spesielt grep i teksten, som til å byrje med er litt vanskeleg å kome inn i, og som ikkje verkar særskilt interessant. Etter kvart endrar derimot dette seg. Lesaren kjem inn i måten teksten er fortalt på, blir van med hoppa i tid og episodar som assosiasjonane til forfattaren og eg-personen leier til, og det var fleire i lesesirkelen som sa seg imponerte over måten Tiller har gjennomført desse spranga og hoppa på.

Det er altså ikkje ei kronologisk fortelling vi blir servert, men ein straum av halvkveda viser og delepisodar, som seinare blir utfylt både i forkant og etterkant, og som til slutt avdekker heile historia, slik hovudpersonen ser den.

Det er ei trist og dyster bok, men det er også ei spennande og drivande bok, og ei fin psykologisk skildring som blir verande i hovudet etter at boka er utlesen. Eg kjem til å lese også dei andre bøkene frå denne forfattarens hand, med håp om at rettskrivinga er betre i desse.

5 kommentarer:

Unknown sa...

Skråninga er en strålende roman, synes jeg, men Innsirkling er bedre, kanskje mer finurlig.

Aina Basso sa...

Kult.
Kva med Bipersonar? Har du lese den, òg?

Anonym sa...

Et godt sammendrag av boka og kommentarer fra lesesirkelen.

Litt overraska at du ga den en femmer, etter dine innvendinger, men jeg er helt enig.

Aina Basso sa...

Hehe. Ja, eg verka kanskje meir negativ? Det viser jo kor god boka faktisk er, når ein kan gi ein femmar trass eit såpass irriterande, dårleg språk.

Anonym sa...

Whaaat?! I didn't throw a bottle?