11. mars 2008

Paal-Helge Haugen

I går var det duka for ei begivenheit innan norsk lyrikk, når den svært anerkjende (men kanskje ikkje så godt kjende) lyrikaren Paal-Helge Haugen lanserte sitt nye verk Kvartett 2008, beståande av fire bøker: Gs bok, Dantes oske, Passasje og Visum. Tekstane "samtaler" med tydingsfulle verdstekstar som Bibelen og Divinia Commedia. Haugen las utdrag frå fleire av bøkene. Noko er relativt avansert, og vanskeleg å ta inn - kanskje spesielt i munnleg framføring, medan andre tekstar er lettare, meir handgripelege og endåtil morosame.

Der var også nokre andre lyrikarar som las. Finsk-svenske Tua Forström, som las flott frå eigne tekstar, og to fjorårsdebutantar, Tyra Teodora Tronstad og Kristin Berget, som Paal-Helge Haugen hadde plukka ut spesielt fordi han synest nettopp desse var to av fjorårets mest interessante poesi-debutantar.

For min del var høgdepunktet den vesle seansen før det heile starta, då eg drista meg til å spørre Paal-Helge Haugen om å signere mi 2007-utgåve av Anne, som kom ut i 1968 - og altså fyller 40 år i år, og er ei av dei beste bøkene eg har lese. Underleg nok hadde eg ikkje verken lese Anne eller høyrt om forfattaren, før i fjor då eg vart antatt, og konsulenten samanlikna manuset mitt med nettopp denne første punktromanen. Då vart eg sjølvsagt nyfiken, og dette blei inngangen til ein av dei forfattarane som har gitt meg mest (og på kortast tid).

For dei som ikkje kjenner til denne lyrikaren, skal eg gi ein kort historikk på han, henta frå Wikipedia:
Han var fødd 26. april 1945 i Valle i Setesdalen og er altså lyrikar, forfattar og dramatikar, i tillegg til at han har skrive librettoer til seks operaer. Haugen har studert medisin ved Universitetet i Oslo, samt film og teater i USA. Verka hans er omsette til eit tjuetals språk. Han har også bakgrunn frå litteraturtidsskriftet Profil, og har hatt verv m.a. i Den norske forfattarforeiningas litterære råd. I 1991 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga Meditasjonar over Georges de la Tour.

Elles fanst der ein del litterære og språklege "kjendisar" i publikum: Ragnar Hovland, som eg er blitt på hels med (litt tøft), Sylfest Lomheim, Thorvald Steen (som var konferansier), Mia Berner, Kjartan Fløgstad, Per Petterson, samt ein del andre forfattarar, forlagsfolk og målfolk av ukjent opphav. Eg veit ikkje om der var fleire vanlege folk enn oss, men inntrykket vi sat igjen med, var iallfall at vi hadde menga oss med fiffen av norsk andselite. Utan at eg kan underbygge den påstanden noko vidare.

Ingen kommentarer: