10. mars 2008

Lugging

Eg skal innrømme at det luggar litt, stundom, når dei pirkar på teksten, på dette mest personlege av alt ein driv med.

Ein får vone det ikkje luggar så mykje at håret fell av. At lugginga har noko føre seg, i det lange løp. Og eg veit eg har sagt dette før: Men no er eg skikkeleg lei pirk. No vil eg at boka skal bli ferdig!

6 kommentarer:

Anonym sa...

"It's not personal. It is business" Innbiller meg at det er et Gudfaren sitat (jeg har faktisk aldri sett Gudfaren trilogien, fusj!). Det er i alle fall et sitat menn slenger til hverandre i amerikanske komedier.

Dere har til felles at teksten skal bli så bra som mulig. De prøver ikke å såre deg.

Aina Basso sa...

Jaudå, det er nok rett, det.
Men ingen liker å bli lugga :)

Jørn Roeim sa...

Av og til kan det i sånne prosesser komme til et punkt hvor nok er nok. Det er DIN tekst. DU har noe du skal ha sagt i denne prosessen. Det gjelder å ha den rette kombinasjonen av ydmykhet og selvbevissthet.

Aina Basso sa...

Sant.
Uansett er det heilt på tampen, no. Siste strammingsrunde. Eg treng berre å vere tolmodig i eit par veker til.

Anonym sa...

Eg er litt i krise over at det skumle og paranoide og uhyggelege er ved å forsvinne, og hovudpersonane mine blir for vanlege. Etter pirk.
Hadde du lese manus hadde du kan hende ledd godt av den bekymringa.

Men kan hende hadde du nikka alvorleg. *riv i eige hår*

Aina Basso sa...

Huff, ja, det er ikkje enkelt, det der. Og så er det vanskeleg å vite kva som er objektivt bra og kva som berre er subjektivt og "darlings" og alt det der.
Kanskje er det tida som må vise.

Redaktørane vil jo ikkje bli anklaga for ikkje å ha gjort jobben sin skikkeleg, dei heller, når den tid kjem. For det kan dei jo bli viss resultatet er svakt. Og ingen vil jo vere ein svak og dårleg debutant.

Enn så lenge har eg vald å stole på redaktøren, ispedd ein god dose eiga magekjensle. Så langt er eg nøgd med endringane eg har gjort. Dei nye scenene eg har lagt til er gode, og eg har alt i alt sett poenget i pirket. Men litt vondt i magen og hårsårheit får ein jo...