8. mars 2008

Apropos Ragnar Hovland

så ryktast det som eld i tørt gras at Fiskerens venn er bloggen hans.

No er det ikkje lenger nokon grunn for meg å tvihalde på abonnementet på Dag og Tid, som, la oss fjese det, har hengt i ein tynn tråd hos meg lenge (etter at eg byrja bli litt smålei bygdestoffet - eg; lei bygdestoff!), men som har forblitt i mi varetekt nesten utelukkande på grunn av dei festlege innsidene til Hovlanden.
Korfor mjølke kua når ein kan få drikkeklar h-mjølk ferdig pasteurisert og tappa på kartong - gratis?

4 kommentarer:

Anonym sa...

For: han kallar seg dokter H.
Mot: R.H. gjev mange fleire treff i Google. - Kan det vera Kjetil Brottveit ?, som er kanskje vel så underfundig. -- Ad Dag og Tid: siste nr. har ein bra lang samatale med Paal-Helge Haugen, og flimre bør få med seg det skriftstykket.

Jarle

Aina Basso sa...

Viser til dette innlegget i Bharfot: http://bharfot.wordpress.com/2008/03/06/snodig-hovland-kjorsvik/
og spesielt kommentarane 11-13. Det er utelukkande dette eg baserer meg på :)

Las forøvrig intervjuet med PHH i Dag og Tid i dag tidleg. Har jo abonnementet endå ei stund. Men har tatt det opp til vurdering.

Anonym sa...

Har no lese (ni-lese) Fiskerens venn. Og eg gjev meg. Trur nok det er Dr. Munk / Dr. H som er på ferde her. Dei gamle bileta frå Luster (080107 og 200507) meiner eg å ha sett før.- Takk for tipset til ein ålreit blogg, sjølv om oppdateringa er meir å lita på i Dag og Tid ;-) Jarle

Aina Basso sa...

Eg måtte også nilese før eg trudde det :)